Born må også trene på å symje utanom basseng, meiner lektor. Illustrasjonsfoto: Frank May / NTB scanpix / NP

– Best med symjetrening utandørs

Om færre skal drukne, må vi øve utandørs i reelle omgivnader. Symjebasseng er ikkje nok, meiner lektor.



Alle drukningsulykker her i landet skjer utandørs, likevel vert nesten all symjeundervisning gjort inne.


- Bør trene ute


– Mange ser på symjing som ein idrett. Det stemmer, men for dei aller fleste dreier det seg om friluftsliv og naturferdsel. Det er ei ferdigheit som skal gjere oss trygge utandørs. Då må vi øve i reelle omgivnader, seier førstelektor Egil Galaaen Gjølme ved Institutt for lærarutdanning ved NTNU til nettstaden Gemini.no. Han har 14 års erfaring som lærar i vidaregåande skule, både frå yrkesfag og frå idrettslinje.


Det heiter i læreplanen for sjuande klasse at eleven skal lære å ferdast trygt ved, på og i vatn. Under ulike vêrforhold. I Noreg skal altså eigentleg alle barn lære å symje på skulen, og målet er at dei skal kunne det innan fjerde trinn.


53 prosent av norske 10-åringar kan symje 200 meter. Og dei 200 meterane er innandørs, i oppvarma basseng.


– Vi kan ikkje berre øve i basseng. Vi må ut, seier førstelektoren.


Nasjonal arbeidsgruppe


Du må vite korleis du kjem deg opp i ein båt igjen, korleis du kjem deg opp på land, få det inn i ryggmergen at du spring og hentar livbøyen om han finst i nærleiken.


Galaaen Gjølme har vore med i ei nasjonal arbeidsgruppe som har jobba for å styrkje symjeopplæringa. Han håpar symjing og livredning kjem inn som eit gjennomgåande tema i dei nye læreplanane frå 2020, med kompetansemål knytt til dette også på vidaregåande skule.