Home   >   Nyhende   >   Berre seks av ti studentar fullfører ein grad

Foto: Frank May/NTB scanpix/NPK.

Berre seks av ti studentar fullfører ein grad

I Noreg er det ein større del av befolkninga som byrjar på høgare utdanning enn i OECD-landa. Men delen av studentane i Noreg som fullfører ein grad, er mindre.

– Det er bekymringsverdig at såpass mange er innom høgare utdanning utan å ta ein grad, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V).

Blant den norske befolkninga er det venta at 72 prosent av oss byrjar på høgare utdanning. Men berre litt fleire enn seks av ti studentar fullfører ein grad, ifølgje OECD-rapporten Education at a Glance (EaG). Til samanlikning er det venta at i snitt 57 prosent av innbyggjarane i OECD-landa startar på høgare utdanning, og at nesten åtte av ti av studentar der fullfører ein grad.

– Vi ønskjer at fleire studentar skal komme gjennom studieløpet sitt og tileigne seg ein grad. Å tileigne seg kunnskap gjennom høgare utdanning har ein verdi i seg sjølv, men å gjennomføre er viktig både med tanke på personleg økonomi og kva som er samfunnsøkonomisk lønnsamt, ­seier Nybø (V).

Gjennomføringa har gått litt opp etter kvalitetsreforma, men framleis er det altfor mange som startar på ein grad utan å fullføre.

Tala frå OECD er ganske like tilsvarande tal frå både Statistisk sentralbyrå og Tilstandsrapporten for høgare utdanning som kom i vår. (©NPK)