Jan Ove Ødven tek ein ny sesong som trenar for Sandane sitt A-lag i fotball.

Berre nesten for GHK-damene

Det var eit heiltent GHK-mannskap som gjekk på parketten for å revansjere sist helgs dårlege kamp og ta årets første siger. Slik gjekk det ikkje, men damene har all grunn til å vere stolte av den innsatsen dei la ned. Marginane ville heller ikkje denne gongen vere på heimelaget si side, og mangel på rutine må nok ta ein del av skulda for at det gjekk som det gjekk. Litt for ofte vart det enkle bom i angrep, og resultatet vart kontringar og mål i mot.
Til slutt vart det 24-28 til bortelaget, etter at det stod 10-14 ved pause.

Mari Kornberg var tilbake i Firdahallen og skåra heile ni mål for Årstad 2. Her blir ho godt påpassa av Marte Heien Hansen og Ingrid Gimmestad i GHK-forsvaret.