Foto: Thor Kr. Adolfsen/Landbrukets brannvernkomite.

Berre éin husdyrbrann med tap av dyreliv

Dei seinare åra har det vore arbeidd målretta for å få ned talet på brannar i landbruket. Det har gjeve resultat. Så langt i år er det berre registrert éin husdyrbrann med tap av dyreliv.


Statistikken føyer seg inn i ein positiv trend. Medan det i 2014 blei registrert 30 husdyrbrannar, har talet på slike brannar dei siste fem åra gått kraftig ned. No er det snart ingen.


– Det er utruleg viktig at dette har blitt teke på alvor, og det er blitt arbeidd systematisk for å redusere husdyrbrannar. Framgangen ser lovande ut, og eg håpar at denne gode utviklinga held fram, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.


Undersøkingar har vist at dei viktigaste brannårsakene i landbruket har vore knytte til det elektriske anlegget. Dei siste åra har det vore gjennomført eit systematisk arbeid for å bøte på dette. Mellom anna har rundt 20.000 gardsbruk gjennomført ein spesiallaga el-kontroll for landbruksbygg. Det er også innført andre tiltak som at bøndene kan få brannalarmen vidarekopla til mobiltelefonen når dei ikkje er til stades på garden.


(©NPK)