Foto: Gjensidige.

Ber spøkelsa i Gloppen og Jølster om å bruke refleks

Laurdag 31. oktober er det Halloween, noko som lokkar fram mange mørke skapningar langs vegane. Ikkje berre skremer dei naboen, også mange bilistar får seg ein støkk.


- I mørke kostyme og utan refleks er det nesten umogleg for ein bilist å få auge på barna, sjølv med gatelys, sier Arne Voll, informasjonssjef i Gjensidige.

Risikoen for å bli påkøyrd i mørket blir redusert med heile 85 prosent ved bruk av refleks. Sjølv om barnet ser bilen, ser ikkje alltid bilisten barnet.

- Kle barna med refleks eller sy inn refleksar i kostyma. Med litt kreativitet kan det bli kule effektar som gjer det moro for barna å bruke refleks, sier Voll.

Sjølv om barnet ser bilen, er det ikkje sikkert «bilen ser barnet». Han oppfordrar derfor alle som får Halloween-gjester på døra til å ta ansvar for at barna er synlege i trafikken.

- Mange har refleksar liggende i skuffer og skap til inga nytte. Har du ein til overs, gje han saman med godteriet og syt for at barna trygt kan ha det moro på Halloween, sier Voll.

Dei siste fem åra er det meldt om 97 påkøyrsler av fotgjengarar og syklistar i trafikken i Sogn og Fjordane (Gloppen 5 skader, Jølster 0). I tillegg reknar forsikringsbransjen med store mørketal av skader som ikkje blir melde. 35 prosent av alle fotgjengarulukker skjer i mørket. Berre om lag fem prosent av dei som blir skada brukar refleks. Kvart år døyr i gjennomsnitt mellom 20 og 25 fotgjengarar i trafikken i Noreg, og rundt 85 fotgjengerar blir alvorlig skada.

- Utan refleks er du synlig først på 25-30 meters avstand. Dette betyr at ein bilførar som køyrer i 50 km/t berre har ca. to sekund å reagere på før det smell. Med refleks er du synleg på 140 meters avstand når bilen brukar nærlys. Med fjernlys kan bilføraren sjå deg på 400 meters avstand. Desse ekstra sekunda er nok til at bilføraren har tid til å reagere og liv kan bli redda, sier Voll.