Home   >   Nyhende   >   Batteriferje markerer milepæl

Foto: Norled.

Batteriferje markerer milepæl

Batteriferja «Ampere», som til dagleg går i rute mellom Lavik og Oppedal på Sognefjorden, markerer i desse dagar at den elektriske ferja har gått like langt som seks gongar rundt Ekvator.

– Ein milepæl for norsk innovasjon, men også ei gledeleg markering av at vi har spart miljøet for eit forbruk på rundt tre millionar liter diesel, seier konsernsjef i Norled og eigar av MF «Ampere», Ingvald Løyning i ei pressemelding.

Då «Ampere» blei sett i drift 1. januar 2015 var ho den første batteridrivne ferja i verda.

– Vi er både glade og stolte over å sjå at utviklinga og bruken av batteriferjer er blitt svært sentrale i den politiske styringa og debatten om det grøne skiftet, seier Løyning.

Sjølv om den batteridrivne ferja har lønt seg både for miljøet – og lommeboka på grunn av mindre utgifter til drivstoff – har det ikkje berre vore fryd og gaman med nullutsleppsferja. Dei første driftsåra var ferja ofte innstilt og hadde store problem med regulariteten, men dette skal no betre seg.

– I og med at «Ampere» var den første grøne ferja, har vi sjølvsagt opplevd nokre barnesjukdommar. Difor er det no svært gledeleg at regulariteten så langt i år har lege på 98,7 prosent, seier Løyning.

Han seier at avvika som har vore kjem av ein kombinasjon av vêr og vind og tekniske utfordringar. (©NPK)