Heim   >   Nyhende   >   Bartnes attvald som bondelagsleiar

Bartnes attvald som bondelagsleiar

Lars Petter Bartnes (50) er attvald som leiar i Norges Bondelag og går dermed inn i det sjette året sitt som bondelagsleiar.

– Det er eit stort privilegium å få leie ein organisasjon der iveren og engasjementet etter å produsere trygg mat over heile landet er så stor og lagfølelsen og samhaldet er så sterkt. Eg vil takke årsmøtet for tilliten og vil jobbe kvar dag for å leve opp til han, seier Bartnes i ei pressemelding.

Sjølv driv Bartnes med mjølk, storfekjøtt, slaktekylling, korn og skogdrift.

Han var styremedlem i Nortura frå 2004 til 2014 og styremedlem i Norges Bondelag i fem år før han vart leiar. (©NPK)