Lokalaviser. Foto: Karoline Riise Kristiansen.

Avislesinga i Noreg er stabil

For første gong på mange år fell ikkje delen som les aviser på nett eller papir her i landet, viser tal frå Norsk mediebarometer.


Delen som les papiravis har gått ned frå år til år sidan 1994, då delen var 85 prosent. I fjor var delen 27 prosent, ned tre prosentpoeng frå året før.


Delen som las nettsidene til papiraviser derimot, har auka noko, frå 51 til 55 prosent frå 2018 til 2019, så delen lesarar av nettsidene til papiravisene er no dobbelt så stor som delen som les papiraviser, 55 mot 27 prosent.


– Vi ser òg ein auke blant dei som les andre nettaviser, altså dei nettavisene som ikkje gir ut papirversjonar. Det er særleg Nrk.no som trekkjer opp, seier Emma Castillo Schiro i Statistisk sentralbyrå (SSB), som er ansvarleg for Norsk mediebarometer 2019.


(©NPK)