Heim   >   Nyhende   >   Aviser har sanka inn 13.000 underskrifter mot ny postlov

Illustrasjonsfoto: Berit Roald/NTB scanpix/NPK.

Aviser har sanka inn 13.000 underskrifter mot ny postlov

Torsdag leverte fleire avisredaktørar totalt 13.663 underskrifter mot den nye postlova til samferdselsministeren.

Den nye postlova vil halvere talet på leveringsdagar. Dette kan gå ut over fleire papiraviser. Torsdag kunne redaktørar i Nationen, Vårt Land og Klassekampen overlevere 13.663 underskrifter mot den nye lova, skriv Nationen.

– Folk vil veldig gjerne ha avisa si, og 75 prosent av inntektene til mediehusa kjem frå papir. Dei pengane er naudsynte for å gjennomføre den digitale transformasjonen vi er midt oppe i, som politikarane veldig gjerne vil skal gjennomføre. Vi håper Stortinget finn betre løysingar, sa Nationens sjefredaktør, Irene Halvorsen, då underskriftene blei overlevert.

Samferdselsminister Jon Georg Dale sa han er open for å undersøkje alternative løysingar for avislevering under overleveringa av underskriftene. Regjeringa har mellom anna foreslått å løyve 250 millionar kroner i året på å kjøpe avisdistribusjon tysdag, torsdag og laurdag. (©NPK)