Ny bru er på plass over Tverrelva, og sambandet oppover Austredalen i Hyen er reetablert. Alle foto: Even Hjelle, Statens vegvesen.

Austredalen er ikkje lenger isolert

Fylkesveg 491 til Ommedalen i Hyen byrjar å kome i stand att etter flaum og skred tysdag ettermiddag, melder Statens vegvesen i ei pressemelding. 

Tverrelva bru er no erstatta av fire solide betongrøyr med steinmur og massar oppå, slik at vegen vil tole kraftig vassføring. Rekkverk kom opp for eit par timar sidan.

- No er sambandet til Ommedal reetablert, og mjølkebilen har kome seg innover. På sikt vil vi sjå om løysinga blir ståande, eller om ny bru skal setjast opp på sida, seier prosjektleiar Lars Erik Karlsen i vegvesenet.



Ein del reparasjonsarbeid føregår enno innover i Ommedalen, så ein kan møte på litt hindringar. Det pågår rydding av fleire skred, og murar må setjast opp der elva har vaska innunder vegen.



På Fv 615 ved Brødrene Aa blir timesstengingar oppheva frå klokka 16.00, slik at det då er fri ferdsle Storebru - Hyen - Sandane.

På E39 Førde - Skei blir det fri ferdsle gjennom helga med unntak av ei strekning på 200 meter ved Grimsbø, der vegen er lysregulert. Folk må følgje skilting og respektere nedsett fartgrense til 50 km/t på delar av vegen.

Ny bru med rekkverk over Tverrelva på Aa er på plass.
Årneselva gjorde stor skade under flaumen tysdag. Frå fredag ettermiddag er det igjen fri ferdsle på fylkesvegen forbi Brødrene Aa sitt anlegg i Hyen.