Heim   >   Nyhende   >   Aukande skogbrannfare på Vestlandet

Det er aukande brannfare på heile Vestlandet. Heilt sør i Rogaland, i Sokndal, brenn det framleis kraftig. Foto: Tor Erik Schrøder/NTB scanpix/NPK.

Aukande skogbrannfare på Vestlandet

Det fine vêret den siste tida har ført til at faren for gras-, lyng og skogbrann aukar på heile Vestlandet.

Utsikter til nedbør gjer ikkje at brannfaren blir mindre, melder NRK.

– Det er venta litt nedbør i slutten av denne veka, men det blir nok ikkje i så store mengder at det vil dempe brannfaren, seier statsmeteorolog Siri Wiberg.

Terje Birkeland ved alarmsentralen ber folk om å respektere brannfaren.

– Det er ikkje utan grunn at kommunane i Sogn og Fjordane no har innført totalforbod mot bålbrenning, seier han. (©NPK)