Heim   >   Nyhende   >   Aukande resistens mot plantevernmiddel

Foto: Berit Roald/NTB scanpix/NPK.

Aukande resistens mot plantevernmiddel

Sjukdom på mellom anna jordbær og bringebær i Noreg har fått påvist resistens mot fleire plantevernmiddel.

Ifølgje NIBIO er resistensproblematikken aukande, og fleire bærvekstar viser nedsett følsemd mot enkelte plantevernmiddel.

– Resistens og mulitresistens hjå gråskimmel i jordbær og bringebær er eit utbreidd problem, og dette gjer nedkjemping vanskeleg, seier Nina Svae Johansen, forskar hjå NIBIO og ein av forfattarane bak rapporten.

No oppfordrar dei til å vere varsame og sparsame i bruken av plantevernmiddel.

– Det er særs viktig at kvar enkelt produsent nyttar ein plantevernstrategi som motverkar vidare resistensutvikling. Ein må bruke så lite sprøytemiddel som mogleg, og på ein måte som reduserer resistens, seier Johansen. (©NPK)