Selje er tilrådd som plassering for eit regionalt pilegrimssenter i Sogn og Fjordane. Klosterruinane på øya Selja vitnar om lange tradisjonar som pilegrimsmål. Foto: Hallvard Østrem / NPK.

Åtvarar mot masseturisme til Selja

Planane om å etablera eit regionalt pilegrimssenter i Selje i Sogn og Fjordane vekkjer skepsis. Ekspert fryktar at eit sterkt turistfokus skal få negative konsekvensar for øya Selja og dei gamle klosterruinane der.

– Eg forstår freistinga, og det er lett å la seg begeistra av konsulentspråket og utsikta til større turistinntekter. Men eg hadde sagt nei. Busslaster med amerikanske cruiseturistar vil øydeleggja mykje. Selje er ein skjør plass, seier leiar i Pilegrimsselskapet St. Jakob, Eivind Luthen, til NRK

Les: Foreslår fire pilgrimssenter langt kystpilgrimsleia

Luthen har også skrive boka «Selja – Sunnivakulten og pilegrimsmålet».

I behandlinga av saka om eit regionalt pilegrimssenter i Selje, reagerer han særleg på ordbruken til det innleigde konsulentselskapet PWC. I ein uttale brukar selskapet ord som «klosterprodukt» og «kundesegment». Selskapet tek også til orde for å gjera Selje kloster til ein leiande turistattraksjon.

Luthen fryktar ei kommersiell vektlegging vil øydeleggja for det åndelege. Også biskopen i Bjørgvin, Halvor Nordhaug, reagerer på ordbruken til konsulentselskapet.

– Det er pinleg og avslører at konsulentselskapet har lite forståing for kva kloster- og pilegrimstradisjonane står for, seier biskopen.

Han åtvarar mot å sjå på Selja berre som eit vanleg turistmål og oppmodar alle som arbeider med kystpilegrimsleia til å løfta fram den åndelege dimensjonen av pilegrimsvandringa.

Ordførar Alfred Bjørlo (V) er samd i at konsulentselskapet har eit merkeleg ordval, men meiner det er mogleg å leggja til rette for kulturbasert reiseliv samtidig som ein viser respekt for plassen og dei ulike gruppene som ønskjer å delta på pilegrimsvandring. Styreleiar i Venner av Seljes kloster, Torkjell Djupedal, har lita tru på at Selja vil bli rent ned av turistar og kallar bekymringa til Luthen «ei hypotetisk problemstilling».