Eit fleirtal av tilsette i politiet som er med i undersøkinga, meiner nærpolitirefoma har ført til at dei ikkje greier å gjera jobben sin like godt som før. Foto: Heiko Junge/NTB scanpix/NPK.

Åtte av ti tilsette meiner politireforma ikkje gir eit betre politi

Nærpolitireforma har ikkje gitt folk eit betre tilbod, meiner polititilsette. – Reforma er på avvegar, seier leiar Sigve Bolstad i Politiets Fellesforbund.


Politifolka som har deltatt i forskingsprosjektet, rettar til dels flengande kritikk mot den såkalla nærpolitireforma som tok til å gjelda for drygt tre år sidan. I rapporten frå Arbeidsforskingsinstituttet kjem fram det at åtte av ti politifolk er «helt uenig» eller «litt uenig» i at reforma gir eit betre polititilbod. Berre 7,4 prosent er meir eller mindre samde i påstanden.


Dei spurde oppgir dessutan at dei meiner politiet har vorte fjernare frå folk flest i det daglege. Nesten to tredelar seier dei går heim med «en dårlig følelse i magen» etter at arbeidsdagen er ferdig.


– Vi er sette i ein situasjon der vi ikkje får til jobben like godt som før. Då er reforma meir enn bortkasta, heiter det i eit sitat frå ein av deltakarane i rapporten «Nærpolitireformen og politiets relasjon til publikum».


3.100 polititilsette har deltatt i undersøkinga, og rapporten blir offentleggjort torsdag.



Kallmyr: – Nødvendig omstilling

Justisminister Jøran Kallmyr (Frp) seier til NTB at endringane har vore heilt nødvendige.


– Alternativet til politireforma er eit politi som ikkje heng med på kriminalitetsutviklinga, seier Kallmyr, som onsdag kveld ikkje hadde fått rapporten.


– Så har eg forståing for at omstilling er vanskeleg. Det er det alltid, og ein vil alltid finne menneske som er imot. Dei tilbakemeldingane skal vi ta med oss. Det betyr likevel ikkje at vi ikkje skal gjennomføre ei heilt nødvendig omstilling, legg han til.



Reform på avvegar

– Forskinga stadfestar at reforma er på avvegar, at intensjonane ikkje blir oppfylte, og at det er publikum og dei polititilsette denne uheldige utviklinga går utover. Grunnprinsippa i norsk politi forvitrar, og økonomiske innsparingar har vorte lagt vekt på i gjennomføringa av reforma, seier leiar Sigve Bolstad i Politiets Fellesforbund til NTB.


Han poengterer dessutan at funna i AFI-rapporten blir understøtta av den årlege evalueringa til Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi). I den siste evalueringa si understreka direktoratet at «alt kan ikke bli bedre, og alt kan ikke gjøres på én gang. En tydeligere prioritering mellom målene for reformen er nødvendig».


Assisterande politidirektør Håkon Skulstad meiner AFI-rapporten «reiser interessante spørsmål» og merker seg at politifolk ønsker seg både spesialisering og å vere tett på lokalmiljøet.


– Vi i politiet må endre oss for å handtere eit endra kriminalitetsbilde. Vi har dessutan stramme rammer og må prioritere. Dette merker medarbeidarane våre. Dei jobbar hardt for å levere gode tenester kvar dag. Framover må vi sjå på korleis vi balanserer drift og utvikling.



Ventar på terror

Noko av bakteppet for reforma var manglane ved den operative politileiinga som vart avdekt av Gjørv-kommisjonen etter 22. juli-angrepa. Resultatet er mellom anna ei modernisering og omstrukturering av politiet som har styrkt operasjonssentralane, og som i større grad enn tidlegare reformer vektlegg beredskap og at polititilsette må vere klare til å rykke ut ved alvorlege hendingar.


I politidistrikta Oslo og Sørvest har det ført til ei kjensle av at politifolk sit og ventar på terror og i mindre grad jobbar med mindre alvorlege saker. Opp mot halvparten av dei polititilsette får ikkje utført arbeidsoppgåvene på den måten dei ønsker på grunn av standardar for oppgåveløysing.


Mest tydleg er kanskje kjensla av å stå fjernare frå publikum som følgje av reformgrepa. Deltakarane i forskingsprosjektet gir uttrykk for at større politidistrikt, færre tenestestader og mindre lokalt nærvær har ført til svakare lokalkunnskap hos tenestemennene. (©NPK)