Jølster enda til slutt på 8. plass i seniorklassa og tok andreplassen mellom veteranane.

Åttande plass til Jølster

Det gjekk ikkje heilt slik dei mest optimistiske hadde håpa, nemleg opprykk til eliteklassa i Holmenkollstafetten.

Jølster sitt seniorlag enda til slutt på 8. plass i den nedst gjevaste klassa , 1.06 bak vinnaren, Asker Skiklubb. Det var 48 sekund opp til 4. plassen som ville gitt opprykk. Laget var på tredjeplass etter dei to første etappane og etter sjette.

Veteranane innfridde  

Jølster sine veteranar hadde som mål å slå GFIL, og det gjekk. Jølster tok andreplassen medan GFIL hamna på fjerde. Gloppen sine juniorar gjorde også ein solid innsats med sjuande plass.

Eliteklassa vart vunnen Av Gular med to sunnfjordingar på laget, Marius Vedvik frå Førde og Sindre Hoff frå Gaular.

GFIL sitt juniorlag tok ein fin sjuandeplass i Holmenkollen