Atle Nygård er tildelt Gloppen sin kulturprisen for 2018.

Atle Nygård tildelt kulturprisen

Gloppen kommune sin kulturpris for 2018 er tildelt Atle Nygård. Han får prisen for sitt breie og allsidige engasjement for kulturlivet i kommunen.



I år er det 28. gong Gloppen kommune deler ut kulturprisen, og ifølgje retningslinjene skal prisen delast ut til personar, lag og organisasjonar som har vist vedvarande evne og vilje til å yte ein kulturinnsats utover det vanlege.

Ønskjer å få til noko
Atle Nygård er fødd i 1951, voks opp på Askøy utanfor Bergen og flytta til Gloppen i 1977. Frå første dag engasjerte han seg breitt og allsidig i kulturlivet i Gloppen.

– Opp gjennom åra har han hatt regien på fleire arrangement – aldri for eiga vinning eller for å framheve seg sjølv, men for å få til noko. Lista over prisvinnaren si deltaking og engasjement i kulturarbeid i Gloppen er lang, sa leiar i Multek-utvalet, Arnar Kvernevik, då han delte ut prisen i forkant av kommunestyremøtet onsdag.

Jeremiasfestivalen
Nygård er ein av dei som tok initiativet til Jeremiasfestivalen i 2011, ein folkemusikkfestival som no er inne i sin 7. sesong. Føremålet med festivalen er å kunne arrangere konsertar med topp nasjonale folkemusikkutøvarar som både er tradisjonelle, men også nyskapande og eksperimentelle i sin sjanger. I dag er Atle Nygård dagleg leiar for denne festivalen.

I 2014 tok prisvinnaren saman med Trygve Apalset initiativ til ein foredragsserie som dei kalla «Verda og vi».

– Målet var å gje dei som er interesserte i historie, politikk og samfunnsutvikling høve til å høyre på personar som har mykje kunnskap og som kan snakke om ulike tema, gjerne i fri dressur, fortalde Kvernevik, og la til at tiltaket har vore særs vellukka.

STIL-patriot
Nygård har vore ein aktiv musikar i Austrheim Musikklag, der han spelte kontrabass frå 1983 til 2007. Han har vore leiar i laget i nærare 15 år. Han var òg aktiv i planlegginga og finansieringa av laget sin 90-årsjubileumsturnè i 2007 som gjekk til alle kommunane i Sogn og Fjordane.

Nemnast må også innsatsen hans for Gloppen Musikktorg, eit samarbeidsorgan for folkemusikkmiljøet i Gloppen. Han var leiar i laget i 5-6 år.

– Prisvinnaren har vore aktiv i Sandane turn- og idrettslag sidan 1978. Fotballkarrieren var heller kortvarig, vert det sagt, men engasjementet for STIL har vart heilt fram til i dag, peika Multek-leiaren på.

Tidleg på 1990-talet stod Atle Nygård bak opprettinga av ei handikapgruppe i STIL, og han var med i styret i gruppa. Saman med Steinar Sægrov vart Roselaget etablert, eit lag som framleis er i sving. På same tid var han også STIL sin representant i arbeidet med å få i gang det fyrste rusfrie arrangementet på 16. mai. Nemnast må òg jobben han gjorde i samband med utbygging av Myklebustflata med å skaffe sponsorbidrag frå næringslivet.

– Ein grepa kar
Prisvinnaren er i dag pensjonist, men er stadig like oppteken av å utvikle kulturlivet i Gloppen til beste for innbyggjarane.

– Det er mange som set pris på Atle Nygård sitt arbeid. Han vert framheva som kreativ, påliteleg, ein humørspreiar og ualminneleg kjekk å samarbeide med. Han er kort og godt ein grepa kar, slo Arnar Kvernevik fast. Prisen består av ein diplom og ein sjekk på 15.000 kroner.