Erik Braathen skåra 13 mål og var ein konstant trussel mot forsvaret til GHK

Åsane knuste all motstand

Det gjekk som venta. Åsane var ein divisjon betre enn GHK då laga møttest til dyst søndag. Dei raude opna godt og leia faktisk 3-1 etter tre minutt, men så var det slutt.

Måla rann inn i feil ende av bana og det vart stygge tal til slutt. Over 40 mål er sjeldan kost sjølv i ein handballkamp men då fløyta gjekk for full tid sto de 19-43 etter  10-24 ved pause.

Tungt

-Det vart ein tung kamp der vi slit framover. Vi har også problem med returane slik at motstandaren får mange rushe-mål. Dette gjer det også vanskeleg, men det syner også at vi er i kvar sin ende av tabellen, seier trenar Paul Remi Kvandal som rosa høgresida for god innsats.

Stort meir er det ikkje å seie om kampen. Motgangen for det unge laget held fram og fasiten etter 14 kampar er to poeng.

Best på GHK vart Sivert Elvebakk Engeset. Åsane si målmaskin Erik Braathen med 13 mål vart kåra til deira bestemann.