Heim   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Arrangert for sjette gong

Laurdag er det igjen duka for Gloppen Halvmaraton. Her har startskotet akkurat gått for løpet i fjor.

Arrangert for sjette gong

– Deltakartalet pleier å ligge i underkant av 50, men med litt betre førehandspåmelding enn i fjor, håpar eg vi kjem over i år, seier leiar i friidrettsgruppa i Fjellhug/Vereide IL, Dagfinn Nyhammer.

Det driftige idrettslaget står som vanleg som arrangør av Gloppen Halvmaraton som laurdag blir gjennomført for sjette gong.

– Blir lagt merke til
– Det blir start i Sandane sentrum, og løypa går utover Sørstranda med vendepunkt i Sandstranda etter 10,5 kilometer, opplyser Nyhammer og legg til at det også blir arrangert trimklasse.

Deltakarane her spring totalt ti km, til Gimmestadkyrkja og tilbake.

I tillegg til lokale løparar er det så langt kome påmeldingar både frå Møre og Romsdal og Trøndelag.

– Det tyder på at løpet blir lagt merke til andre stader enn berre kring her, seier Dagfinn Nyhammer.

– Fin løype
Det blir klassar frå junior og opp til veteran. Nytt av året er mini halvmaraton for ungar mellom ti og femten år.

– Vi køyrer 1/10 halvmaraton, 2.109 meter, på løpebana på Idrettsplassen. Det blir fem rundar pluss 109 meter rundt bana. Dette blir arrangert medan dei hine er ute og spring.

Leiaren i friidrettsgruppa fortel at halvmaratonløypa er kontrollmålt og at tidene dermed blir offisielt godkjende:

– Det er ein fin løype som gjev gode tider.

– Vis omsyn
Han oppmodar billistar om å ta omsyn til løparane langs fv 615.

– Spesielt svingen ved Elvaneset er ei utfordring, og her har arrangøren plassert ut fleire vakter. Vis omsyn og køyr forsiktig, ber Dagfinn Nyhammer og konstaterer at vêrgudane også dette året ser ut til å bli på arrangørane si side.

Dermed er det berre å finne fram springeskoa og legge av garde.