Leidulf Gloppestad, Hanne Oftedal og Birte Fossheim håper mange lag og organisasjonar vil kome og vise seg fram på Heradsplassen 19. oktober.

Arrangerer fest for fellesskapet

Laurdag 19. oktober er det ny Landsbylaurdag, og denne gongen blir det fokus på å løfte fram fellesskapet og frivilligheita i kommunen.

Ordførar Leidulf Gloppestad har fått med seg Hanne Oftedal og Birte Fossheim på laget, og saman inviterer dei alle lag og organisasjonar i kommunen til å møte opp på Heradsplassen denne dagen. Her kan kor, korps, 4H, bondelag, idrettslag, dansegrupper, handarbeidsklubbar osv. kome for å vise og fortelje om kva dei held på med.

Stands og aktivitetar
– Eg har lenge hatt lyst på ein fest, og no får vi det til. Vi har invitert alle som kan krype og gå av frivillige fellesskap. Måndagsklubben til ho mor er vel ein av dei få som ikkje har fått invitasjonen, elles trur eg vi har fått med oss dei fleste, seier Gloppestad med eit smil.

Det vert lagt til rette for stands og aktivitetar, og det vil òg bli rigga ei scene slik at dei som vil synge, danse, spele eller fortelje kan få gjere det.

Terskelen er låg, og ingenting er for stort eller for lite, ifølgje arrangørane.

Rikare kvardag
– Her i Gloppen er det berre eit heilt utruleg, fabelaktig tal frivillige lag og organisasjonar. Til saman er dei med på å skape alle dei banda og nettverka som gjer at det finst fellesskap her hos oss, seier Hanne Oftedal.

Dette meiner ho går som hand i hanske med kommunen sin visjon om ein rikare kvardag – midt i verda.

– Vi skaper ei verkelegheit, eit fellesskap og eit liv her som for oss er midt i verda. Men samtidig er det mange trådar ut til den større verda. Her bidreg alle dei frivillige laga og organisasjonane so godt med å vere med på å trekkje desse trådane ut, og skape nettverk og fellesskap. For eksempel alle festivalane vi har her i kommunen, som er avhengige av dugnadsfolk. Frivilligheita er med på å trekkje profesjonelle kunstnarar, musikarar og artistar inn til kommunen, seier ho engasjert.

Årleg fest
Håpet til arrangørane er at festen både kan vere med på å løfte fram mangfaldet og breidda, men òg for å sjå om ein i endå større grad kan skape noko saman på tvers av organisasjonane. Planen er at det skal skipast til ein fest for fellesskapet kvar haust framover.

– Vi har lyst til ikkje berre å snakke om det i festtalar, men òg lage ei markering der vi viser at vi set pris på alle desse personane som legg ned ein frivillig innsats. Der dei for ein gongs skuld kan kome til ein plass å vere der vi andre har laga til noko for dei. Det har dei verkeleg fortent, seier ordføraren.

Det blir kaker, saft og kaffi på dagen, og er det nokon som har lyst å bidra med kaker og bakst, so er det berre å ta med. Ordføraren lovde på tampen at han personleg skulle bake eplekake. Den kan vere verd å smake på.