Brennande tyske skip i Narvik hamn etter britisk angrep i april 1940.

Arkivverket avslører britisk invasjonsplan frå 1940

Stormaktsspelet om Noreg i 1940 var meir omfattande enn tidlegare trudd, avslører Arkivverket på 80-årsdagen for den tyske invasjonen.


Då den tyske marinen segla inn i norske fjordar 9. april, var eitt av dei viktigaste måla å erobre Narvik, som var hamna der jernmalmen frå Kiruna i Sverige vart lasta over i skip som skulle til Tyskland. Denne jernmalmen var svært viktig for tysk krigsindustri.


Dette visste òg Storbritannia. Og dei var nærare å gjennomføre eigen plan for å erobre Narvik enn dei aller fleste er klar over. 9. april 1940 var Noreg berre timar unna at britiske soldatar vart landsette i Narvik, Trondheim, Bergen og Stavanger.


Det avslører planen «R. 4» og dokument om invasjonen som Arkivverket slepp på skjærtorsdag.



Redd for dårleg stemning

Dokumenta er henta frå det private arkivet til den avdøde historieprofessoren Magne Skodvin. Han fortalde sjølv aldri om tydinga av planen. Historikaren Lars Borgersrud trur det har samanheng med eit ønske etter krigen om å ta vare på eit best mogleg forhold til Storbritannia som alliert.


– Ei historie om ein planlagt britisk invasjon av Noreg passa svært dårleg inn i det bildet, seier Borgersrud i ein artikkel skrive av Arkivverkets fagdirektør, Øyvind Ødegaard.


10.000 britiske soldatar og 15 skip sette kursen mot Noreg frå hamner i Skottland 8. april. Men då britiske fly fekk auge på dei tyske skipa som segla oppover norskekysten, vart soldatane sette i land på Orkneyøyane.


Ødegaards artikkel fortel at britane trudde tyskarane var på veg nordover og ut i Atlanterhavet. Då ville det ikkje lønt seg å gå i kamp med soldatar om bord. I mellomtida rakk tyske styrkar å gå i land stort sett utan britisk motstand.



Titusenvis av dokument

Den britiske angrepsplanen er ikkje det einaste som blir offentleggjort. Titusenvis av dokument skal skannast og publiserast ope på Arkivverket. Det er anten dokument som nyleg har komme inn, akkurat er ordna eller der teieplikta nyleg er oppheva. Eit nytt vårslepp kjem 8. mai, der det dreier seg mest om register over nordmenn i fangenskap.


For riksarkivar Inga Bolstad er vårsleppet ein sentral del av Arkivverkets arbeid med å gjere kjeldene tilgjengelege og kjende.


– Vi har som ei hovudsatsing å gjere arkiva digitalt tilgjengeleg for alle, uavhengig av tid og stad. Vi veit at den digitale tilgangen fører til auka bruk av viktig historisk dokumentasjon, og det er òg viktig i eit demokratisk perspektiv, seier Bolstad.


(©NPK)