Heim   >   Nyhende   >   Ap vil vrake forslaget til erstatningsordning for pelsdyrbønder

Foto: Alf Ove Hansen/NTB scanpix/NPK.

Ap vil vrake forslaget til erstatningsordning for pelsdyrbønder

Ap meiner erstatningsordninga for pelsdyrbøndene som er foreslått, er for dårleg og at det må ein heilt ny kompensasjon på plass.

– Forskrifta Bollestad sit og ferdigstiller er uansett så elendig at heile saka bør skrotast, og statsråden bør i staden komme tilbake til Stortinget med ein heilt ny kompensasjon, seier næringspolitikar Terje Lien Aasland (Ap) til Nationen.

Landbruksminister Olaug Bollestad (KrF) er venta å legge fram den endelege forskrifta om kompensasjon til pelsdyrbøndene om kort tid. Aasland meiner Bollestad skyv Stortinget framfor seg i forsvar mot å gi bøndene eit dårleg oppgjer, og at ho må ta innover seg debatten på Stortinget som sa tydeleg ifrå om at oppgjeret må gi ei skikkeleg erstatning. Dersom Bollestad legg fram ein revidert versjon av forskrifta som var på høyring, er det uansett for dårleg, meiner han. (©NPK)