Anonym nissegjeng inviterer til kveldsope

Komande torsdag kan du handle julegåver heilt til klokka elleve om kvelden på Sandane. Dei fire butikkeigarane som utgjer årets nemnd lovar gløgg, bålpanner, julestemning og freistande tilbod. 

Så godt som alle butikkane på Sandane er med i butikkgruppa som kvart år går saman og steller i stand kveldsope, slik at folk kan få handle julepresangane sine i ro og fred etter arbeidstid. Gruppa set kvart år ned ei nemnd på fire personar som er ansvarlege for planlegging og gjennomføring av arrangementet. Nytt av året er at dei ikkje vil seie kven dei er.

Kostyme

Ein skulle kanskje tru at medlemene i kveldsopenemnda ikkje berre har reint mjøl i posen sidan dei skjuler ansikta sine bak ei nissemaske og heller ikkje vil gå ut med namn, men det heile botnar i noko så uskuldig som at dei arrangerer ein Facebook-konkurranse der ein kan gjette på kven dei fire er.

Nemnda freistar med eit gåvekort på 1000 kroner til alle som deltek.

– Vi tenkte vi kunne prøve noko nytt i år, og vi tenkte dette kunne vere litt morosamt. Vi håpar folk går inn på nettet og gjettar, seier dei.

– Vinn-vinn

Torsdag er det altså igjen klart for den tradisjonsrike kvelden med opne butikkar i Sandane sentrum. Nemndmedlemene fortel at dei har erfaringar med at mange ventar på denne kvelden fordi det er vanskeleg å finne tid elles.

– Det brukar å vere mykje folk på kveldsope kvart år, og vi trur det har med å gjere at folk rett og slett prioriterer å bruke ein kveld i desember på å få gjort mykje av julehandelen. Lange arbeidsdagar, middagslaging og ungar i barnehage og skule gjer at mange rett og slett ikkje rekk å få handla i opningstidene våre, seier butikkeigarane.

Vidare understrekar dei at kvelden er svært viktig for butikkane på Sandane.

– Vanlegvis er det jamt med folk heile kvelden. Kundane får tid til å handle i fred og ro, samtidig som vi sel veldig godt. Ein skikkeleg vinn-vinn-situasjon, seier ein samrøystes nissegjeng.

Loddtrekning og tilbod

– Alle som handlar for meir enn 200 kroner blir automatisk med i trekninga om fem gåvekort på 1000 kroner som kan brukast på alle butikkane i butikkgruppa, opplyser dei.

Vinnarane av trekninga vil bli kunngjorde i Firda Tidend tysdag 17. desember.

Vidare freistar butikkeigarane med kveldsope-tilbod i dei fleste butikkar. I tillegg blir det moglegheit for å kjøpe varer frå lokale produsentar denne kvelden. Fleire produsentar skal ha stand på Sandane Senter.