Illustrasjonsfoto.

Anonym mobbing

I avisa i dag fortel Kristine Wergeland at det går føre seg stygg uthenging og mobbing av namngjevne ungdomar i Gloppen. Dette skjer mellom anna på appen Tellonym, der avsendaren kan vere anonym. Også verbalt brukar ungdomar i kommunen svært krenkande og nedsetjande ord og uttrykk om og til kvarandre.

– Vi kan ikkje tolerere slik språkbruk. Ungdomar skadar kvarandre, og vi er nøydde til å blande oss inn no. Vi kan ikkje la borna våre tru at eit slikt språk er greitt, heller ikkje når dei gøymer seg bak det å vere anonyme, seier Wergeland, som sjølv har ei jente i niande klasse på ungdomsskulen.

Det er direkte trist å registrere at ungdomar i vårt eige lokalsamfunn er så stygge med kvarandre. Mobbing er noko av det aller simplaste vi veit om. Det kan øydeleggje liv, og er eit problem ein tydelegvis må setje ytterlegare fokus på i tida som kjem. Som Wergeland seier, må vi vise borna at vi er på, og at vi ikkje aksepterer at våre eigne eller andre sine born blir omtala eller mobba på det grovaste.

Det er knalltøft å vere ung i dag. Der mobbing tidlegare skjedde openlyst, skjer det no i større grad på arenaer som er vanskelege å kontrollere for foreldre, dei som arbeider i skulen og andre som omgåast ungdomane. Det er heller ikkje berre for ungdomane å kutte ut desse arenaene. Det er venta at du skal vere til stades der. Er du det ikkje, er dette i seg sjølv ein grunn til at du blir utestengd og mobba.

Undersøkingar viser at kvar femte ungdom i landet slit med ei eller anna form for psykisk liding. Det kan vere mange årsaker til dette, men vi er overtydde om at mobbing er ei av dei viktigaste årsakene. Slik kan vi ikkje ha det.

Vi kan ikkje sitje roleg i båten og registrere at ungdomar i vårt eige nærmiljø kanskje blir merka for livet som følgje av det andre gjer mot dei. Kvar og ein av oss må stå opp mot alle former for mobbing. Ungdomane sjølve må gripe tak i problema, men først og fremst er det vi som er vaksne som må setje skåpet på plass og vere gode førebilete.

Dessverre er det langt frå alle som er det. Måten mange godt vaksne personar opptrer på i sosiale medium og i andre samanhengar, skremmer oss. Vi må alle tenkje godt gjennom korleis vi oppfører oss overfor medmenneske, og korleis vi ordlegg oss i omtalen av dei. Det er ikkje få negative ord, uttrykk og skildringar av andre som opp gjennom tidene er plukka opp av dei håpefulle heime ved middagsbordet. Vi kan ikkje vente at born og unge alltid skal kunne sile kva som kan gjentakast og ikkje, og kvifor skal dei leggje band på seg når det ikkje blir gjort av dei som er vaksne og burde vite betre?

Kristine Wergeland har sett fokus på ei umåteleg viktig problemstilling i samfunnet vårt. No må vi alle følgje opp, vere på vakt og gjere det vi kan for å bidra til å hindre at nokon blir utsette for fysisk eller psykisk mishandling.

Det bør og må vere nulltoleranse for alle former for mobbing på alle arenaer.