Heim   >   Nyhende   >   Annankvar nordmann har låg tillit til regjeringa

Annankvar nordmann oppgir å ha låg tillit til Erna Solberg si regjering. Frå venstre: statsminister Erna Solberg (H), finansminister Siv Jensen (Frp), kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande (V) og barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF). Foto: Håkon Mosvold Larsen/NTB scanpix/NPK.

Annankvar nordmann har låg tillit til regjeringa

50 prosent seier dei har låg tillit til Erna Solberg si regjering. Det kjem fram i ei tillitsundersøking gjort av Respons Analyse.

Totalt 1.000 nordmenn har i undersøkinga vorte bedne om å rangere kor stor tillit dei har til norske institusjonar, med ein poengsum mellom eitt og ti poeng. Etter skjønnet til målinga har ein stor tillit til ein institusjon om ein gir ein poengsum på seks eller meir, skriv NRK.

Delen som seier dei har stor tillit til regjeringa har sidan i fjor sokke med 10 prosentpoeng, frå 60 prosent til 50 prosent. Også delen med stor tillit til Stortinget har gått tilbake sidan i fjor, frå 70 prosent til 67 prosent.

Tilliten til media går òg tilbake, frå 58 prosent til 55 prosent.

Mest tillit har folk til dei ideelle organisasjonane. 83 prosent oppgir at dei har stor tillit til norske ideelle organisasjonar, men også det talet har sokke noko, frå 87 prosent i 2018. Nest høgast tillit har arbeidstakarorganisasjonar med 71 prosent.

For arbeidsgivarorganisasjonane er talet 65 prosent.

Tilliten til sosiale medium er den lågaste, og berre 15 prosent seier dei har stor til tillit til dei. Delen har stått i ro sidan i fjor. (©NPK)