Gudmor Solrunn Dvergsdal med foreldra til dåpsbarnet, Ester og Rune Ytredal nærast.

Andrea måtte til fjells for å få namn

Grøne lier, blå himmel og kvite fjelltoppar, med Grovabreen kneisande i bakgrunnen. Slik vart ramma rundt barnedåpen til Andrea Ytredal på Hamnanova i Jølster 2. pinsedag.



Denne lett tilgjengelege fjelltoppen,  med flott utsikt i alle retningar har blitt eit svært så populært turmål etter at stien opp vart rusta opp og steinlagd av Jon Egge i fjor og året før.



Glade oldeforeldre

Over 100 menneske hadde teke turen til fjells og vart med på den stemningsfulle gudstenesta, der soknepresten i Jølster, Silje Sørebø, var liturg. Ho var også den som sto føre den høgtidlege opninga av stien 2. pinsedag i fjor. Den gongen vart opninga markert med ei andakt på toppen. I år vart det altså gudsteneste med dåp, og finare ramme rundt ei slik hending skal det godt gjerast å få.



-Dette har vore ei fantastisk oppleving på alle måtar, smilte Inge Eikås, oldefar til dåpsbarnet. Han og kona Ester, og nokre til, vart frakta til fjells med helikopter. Dette tykte Inge var strålande og han var rimeleg klar på at finare kunne det ikkje bli i ein barnedåp.

-Dei siste 30 åra har fjellturane stort sett gått til stadar eg kan nå med bil. Her oppe var det fantastisk fint og det var utruleg kjekt å vere med. Flott opplegg!, smilte han.



Ny messehakel

Helgheim kyrkje har fått seg ny messehakel, designa av Elsa Norunn Håheim Nydal og produsert av Jølster design. Messehakelen vart brukt for første gong på denne dåpsgudstenesta, og den både pynta opp og lyste opp og var eit fint supplement til dei andre fargane på og rundt fjellet.

- Den er fantastisk fin, var dommen frå presten og det var det nok mange som var samde i.



-Dette var ei utruleg spesiell oppleving og noko av det finaste eg har vore med på sa Merete Årdal fødd og oppvaksen i Fetsund og på besøk  i Jølster i høve slektsstemne. Også ho tykte messehakelen var flott og at den sette ein ekstra spiss på gudstenesta.

-Dette er ein flott katedral, med ein høg himmel over. Utruleg flott, var beskjeden frå Arnt Johny Langeland frå Askvoll. Han er inngift i familien til dåpsbarnet og var på plass på gudstenesta.

Det var første gong at Silje Sørebø har hatt barnedåp på ein fjelltopp.
Andrea har fått namnet sitt og kan synast fram for kyrkjelyden.
Oldefedre Inge og Ester Eikås vart frakta til fjells med helikopter. Dei tykte det var ein flott barnedåp.
Knut Sandal spela fele og som postludium spela han "Skreddarhusen" av Andreas Egge, bestefar til stibyggaren Jon Egge.
Sokneprest Silje Sørebø med den nye messehakelen.
Mange hadde teke turen til fjells for å vere med på gudsteneste på den flotte maidagen.