Home   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Anders vart takka av etter 16 år som ordførar

Anders Ryssdal si ordførartid er over. Under kommunestyremøtet måndag vart han takka av.

Anders vart takka av etter 16 år som ordførar

Måndag leia ordførar Anders Ryssdal sitt siste ordinære kommunestyremøte. Det vart markert med gåve, kake og gode ord.

Varaordførar Ola Tarjei Kroken (Ap) hadde oppgåva med å ”takke av” ordføraren som kan sjå tilbake på 16 år som Gloppens fremste politiske tillitsvalde. Som den musikkinteresserte personen han er, fekk han bokverket om rockemusikkens historie.

7,7 milliardar kroner
– Du har vore ordførar i ein periode der det er skjedd mykje, sa Kroken. Han hadde gjort eit grovt overslag og kome til at Ryssdal som ordførar hadde klubba gjennom 1500 saker i kommunestyret og 2500 formannskapssaker og kommunebudsjett på rundt 7,7 milliardar kroner til saman.
– Det er ein betydeleg sum, sa Kroken og konkluderte med at Anders Ryssdal har vore ein aktiv ordførar.

Sidan 1992
Anders Ryssdal kom med i kommunepolitikken i 1992 då Nils R. Sandal var ordførar og tok over då han trekte seg i 1999. Etter fleire gode val for Senterpartiet i Gloppen, tapte partiet terreng ved førre val. No er spørsmålet om førstekandidat Leidulf Gloppestad fører Sp-tradisjonen vidare. Heilt sidan 1968 har partiet hatt ordføraren i Gloppen.

– Eg tenkjer av og til at politikk er det moglege sin kunst der du kan vere med å endre litt på realitetane, kommenterte den avtroppande ordføraren. Han takka alle kommunestyrerepresentantane og kommuneadministrasjonen for samarbeidet.

Les meir frå det siste kommunestyremøtet i denne valperioden i onsdagsavisa