Heim   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Anders Felde vart Årets gloppar

Anders Felde vart fekk overlevert provet på at han er årets gloppar av Arnar Kvernevik

Anders Felde vart Årets gloppar

Skilnaden på ein god og dårleg plass å bu, kviler i stor grad på vilje og evne til frivillig engasjement, sa Anders Felde etter å ha fått eldsjelprisen ”Årets gloppar” måndag

—Dette var ein god start på veka, tykte Felde etter å ha fått prisen på kommunestyremøtet måndag. Anders Felde fekk prisen for sitt store engasjement både for idretten og landbruket som er ei stor og viktig næring for Gloppen.

Markant og synleg
— Anders Felde representerer ei viktig næring, ei næring som er viktig for det grøne skiftet. Vi gløymer odfte råvareprodusentane i dette perspektivet, aktørar som har ei viktig rolle i samfunnet, sa utvalsleiar Arnar Kvernevik då han på vegner av Kommunestyret delte ut prisen. Kvernevik la også vekt på Anders Felde si lange og mangfaldige fartstid i idretten og han drog fram hans aktive rolle i utviklinga av skianlegget på Utvikfjellet.
— Du har vore markant og synleg i alt du har drive med og du er ein verdig mottakar av prisen, avslutta Kvernevik.

Solid kultur
Anders Felde var sjølvsagt både glad og stolt over å få prisen, men var samstundes litt overraska over å has blitt plukka ut.
— Vi har ein solid kultur og lang tradisjon på dette med frivillig arbeid i Gloppen. Det er nemleg slik at skal vi få til noko i lokalsamfunnet, må det frivillig innsats til. Dette ser vi spesielt tydeleg når det gjeld bygging av idrettsanlegg, både her i Gloppen og resten av fylket. Vi kan ikkje berre sitje i ro og lite på det offentlege, vi må gjere ein innsats sjølve, sa Felde som etter kvart har logga inn 30 år med frivillig arbeid. Først gjennomidretten i Breim frå 15-årsalderen og seinare i landbruket.
— Eg ser at det nyttar å engasjere seg og at vi får ein betre plass å bu om vi investerer litt i frivillig arbeid.

Ståande applaus frå kommunestyret for Årets gloppar

Ståande applaus frå kommunestyret for Årets gloppar

Anders Felde vart fekk overlevert provet på at han er årets gloppar av Arnar Kvernevik

Anders Felde vart fekk overlevert provet på at han er Årets gloppar av Arnar Kvernevik, leiar av MULTEK-utvalet