Heim   >   Nyhende   >   Åndalsnes vann kampen om fjellfagskulen

Leif I. Magnussen er president i Norske Tindevegledere (Nortind). Foto: Privat/NPK.

Åndalsnes vann kampen om fjellfagskulen

Åndalsnes blir undervisningsstad når foreininga Norske Tindevegledere (Nortind) skal etablere Norsk Fjellfagskole for å lære opp høgfjellsførarar.

Både Åndalsnes, Sogndal og Hemsedal var aktuelle stader for den nye fagskulen for fjellfolk. Målet er at fagskulen skal kvalifisere om lag 20 såkalla tindevegledere, eller høgfjellsførarar, kvart år.

– Det var så jamt. Tilbakemeldinga frå medlemene våre hjelpte oss i styret til å ta ei avgjerd, seier president Leif Inge Magnussen i Nortind til Nynorsk pressekontor.

Han seier dei hadde håpa på éin kandidat, men fekk tre gode kandidatar. Både Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Buskerud har opna pengesekkane for å invitere skulen inn. Det gjorde at det tok lengre tid å bestemme seg.

Magnussen vedgår at det har vore eit stort press frå miljøa som ønskte seg fagskulen.

– Eg har snakka med alle ordførarane i dei aktuelle kommunane, næringsforeiningar og medlemer, og alle argumenterte godt og hyggeleg for sin stad, seier han.

Styret i Nordtind var heller ikkje samrøystes om avgjerda.

– Det var kamp til døra og alle er ikkje nøgde, seier Magnussen, som vedgår at det er vemodig å skuffe gode kandidatar som Sogndal og Hemsedal.

Styret var derimot samde om å utvikla ein eigen fagskule gjennom eit non-profit AS, heileigd av Norske Tindevegledere. Søknad blir truleg sendt til Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) i mars neste år.

Fagskulen skal ha kontor ved Norsk Tindesenter i Åndalsnes, medan all kvalifisering skjer utandørs. Målet er å starta opp i august 2020. (©NPK)