Foto: Lars Bjarte Osland.

Alternativ dag på Hestenesøyra

Akedag er eit fint alternativ når vegen er stengd og ein ikkje kjem seg på skule og arbeid. 

Det tykkjer i alle fall innbyggjarane på Hestenesøyra. Vegen til Sandane har vore stengd sidan tysdag, og torsdagen nytta store og små til felles aktivitet.

- Her er eit bilete frå vår alternative dag på Hestenesøyra. Vegen var stengd, ingen kom seg på skule og barnehage, så kva gjer vi då? Akedag på Hestenesstøylen, skriv Lars Bjarte Osland til oss i ein e-post.

Det må seiast å vere fornuftig bruk av ein ekstra fridag!