Heim   >   Fylket   >   Alnæs søkjer gjestegitarist

Alnæs søkjer gjestegitarist

Måndag 19. november kjem Frode Alnæs med soloframsyninga «Min dans med strenger» til Førdehuset. Alnæs blir rekna som ein av dei beste gitaristane og entertainerane i Noreg.

Framsyninga «Min dans med strenger» er ei konsertframsyning som spelar på heile kjensleregisteret, frå hysterisk latter til meir såre tema.

Musikalsk reise

Her inviterer den folkekjære artisten publikum med på ei personleg, underhaldande og glitrande musikalsk reise full av historie henta frå eige liv. Publikum får servert nye låtar, musikkhistoria sine mest kjende gitarlåtar og ikkje minst hits frå Frode sin solokarriere og frå Dance With A Stranger. Dette er ein stor produksjon med fire mann på scena, videodesignskjerm på 6×3 meter og lys- og lyddesign.

Lokale gjestegitaristar

På kvar stad er lokale gitartalent, for det meste ungdom, blitt invitert opp på scena og har medverka på ein sjølvvalt låt. I vinter opplevde 35 lokale gitaristar å få spele med Frode og bandet.

– Dette har vore ein stor suksess, og gjeve førestillinga ein ekstra dimensjon. Både publikum og vi på scena har elska dette innslaget. Kvar kveld blir ei unik oppleving, og eg trur dette har betydd mykje òg for gitaristane rundt omkring i landet, seier Alnæs.

Også til konserten måndag 19. november søkjer Frode Alnæs gjestegitarist.