Jannike Felde vart overraska då ho fekk eldsjelprisen.

Allsidig eldsjel fekk idrettspris

— Arbeidsutvalet har i år valt å tildele eldsjelprisen til ein person som ikkje likar å stikke seg fram, sa leiar i Breimsbygda IL, Bjarte Gangeskar, før han avslørte kven som fekk prisen i år.



Vinnaren, Jannike Felde, er ein person som jobbar i det stille og ikkje gjer noko stort nummer av at det alltid er noko som må gjerast i regi av idrettslaget, sa Gangeskar vidare.

Allsidig menneske
Eldsjelprisen skal, ifølgje statuttane, synleggjere frivillig arbeid og den skal stimulere til frivillig innsats, samtidig som den skal auke medvitet kring rolla frivillig innsats har for lokalsamfunnet.

Når det gjeld årets vinnar, er det ei dame med mange idrettsjarn i elden. Ho har vore ansvarleg for miniputturneringane i fotball i mange år, og ho sit i dag som leiar i orienteringsgruppa. Ho har også vore ei drivkraft bak arrangementet Hetlestøylen opp, og er alltid å sjå når Byrkjelo-leikane skal planleggast og avviklast. Som om ikkje dette er nok, så er ho alltid på plass når noko skal gjerast på dugnad.



Lågmælt
Som leiar i orienteringsgruppa sit Jannike Felde også i hovudstyret i idrettslaget. Ifølgje Bjarte Gangeskar er ho ikkje den som hevar stemma eller snakkar i utrengsmål. Likevel kjem ho med klare og fagleg funderte synspunkt som styret set stor pris på.

— Årets eldsjel er stort sett alltid å sjå i treningsklede på veg til ein eller annan positiv aktivitet for bygda, for eigne og andre sine ungar. Dette er noko vi verdset svært høgt, men kanskje ikkje alltid er like flinke til å gje uttrykk for, sa Gangeskar til slutt.

— Dette var både kjekt og overraskande, eg ante ingen ting før prisutdelinga, seier Jannike som har sysla med idrett i ei eller anna form sidan ungdomen.

— Kva er drivkrafta?

— Det er det å vere ilag med barn og unge, ha det kjekt med dei og sjå at dei utviklar seg, fortel Jannike som med dette har fått i alle fall litt att for all innsatsen ho har lagt ned for idretten.

Også sonen fekk seg ein pris
Som om ikkje eldsjelprisen var nok, så fekk son til Jannike, Håvard Hetle, Breimsbygda IL sin stimulansepris. Dermed hamna det to gjæve prisar i same hus søndag.
Prisane vart delte ut på den årlege basaren til idrettslaget, og det var mykje folk og god stemning i Breimshallen der pengane såg ut til å sitje laust hos loddkjøparane.

Stimulanseprisen skal gå til unge og lovande utøvarar opp til 19 år, og den skal stimulere til satsing på ein eller fleire idrettar.

Håvard Hetle har utmerka seg i fleire idrettar, han har mellom anna vore inn om dei fleste friidrettsøvingane, i tillegg til langrenn og alpint. Ifølgje mora, Jannike Felde, har han bestemt seg for at det er fotballen det kjem til å bli satsa mest på framover. Håvard har allereie, som 14-åring, debutert som målvakt på G15-landslaget. Det er etablert samarbeid med Terje Skjeldestad keeperskule og Sogndal fotball, og det var i Sogndal han var søndag for å få med seg siste kampen i eliteserien.

— Hadde eg visst om dette, skulle eg no prøvd å påverke han til å vere heime, sa mora som tok imot prisen.



Fotballtalent
Ifølgje Bjarte Gangeskar var det riktig av Håvard å melde overgang til STIL når det gjeld fotball.

— Sjølv om det smertar eit breimshjarte å seie det, var det nok ein rett overgang for å sikre vidare utvikling, sa Gangeskar.

Håvard er framleis medlem i Breimsbygda IL, og Gangeskar er rimeleg sikker på at ikkje fotballkarieren stoppar på Sandane.

— Vi har berre to krav til deg. Det er at du held fram med å vere den positive og kjekke guten du er. Det er faktisk viktigare enn sportsleg suksess. Så må du aldri gløyme kvar du kjem i frå, sa Gangeskar som også nemnde noko om gode genar.

Vektløftargruppa fekk påskjøning for innsatsen i NM nyleg. Det var Robert André Moldestad som tok i mot.
Håvard Hetle. Arkivfoto.