Alle gode ting av tre

Visste du at tre er ein viktig ingrediens i medisin og godteri? Og har du tenkt over alle vakre gjenstandane som kan lagast med tre som råvare? Om ikkje, har du sjansen no!

Nordfjord Folkemuseum set opp utstillinga «Alle gode ting av tre». Den tek føre seg bruken av tre i eit historisk perspektiv. Tidlegare var tre nær den einaste, og klart rimelegaste og mest tilgjengelege, råvara. I dag har plast, metall og anna erstatta mykje, men framleis er tre eit viktig produkt.

– Når vi dukkar ned i museumssamlingane ser vi verkeleg kor mangfaldig tre som råvare er. Vi har verktøy til å produsere bastetau, sveipa, fletta og dreia produkt. Og sjølvsagt døme på alle dei vakre gjenstandane som ein kunne selje og tene seg nokre kroner på, fortel avdelingsdirektør Anne Kristin Moe.

Ikkje berre eit tre

I samlingane er også klede av cellulose, papir i ulike variantar, restar av tjørebrenning og møblement med føreseggjorde utskjeringar.

– I utstillinga tek vi også føre oss nokre av dei vanlegaste treslaga i området, og korleis trea er bygde opp. Det er stor variasjon på treslaga, og det er jo noko av det som gjer at dei kan brukast til så utruleg mykje. Alle har sine styrkar, som folk opp gjennom tidene har vore flinke til å utnytte.

Museumssøndag 

Søndag 23. juni vil Kjell Lindvik, tidlegare naturfaglærar og kjentmann i friluftsområdet på Nordfjord Folkemuseum, innleie museumssøndagen. Vidare blir det omvising i utstillinga, og små og store får også sjansen til å prøve seg på trequiz og spikke trenaglar.

– Vi meiner dette er kunnskap som folk i alle aldrar har bruk for. Med friluftsmuseet rett utanfor døra, gir det også eit unikt høve til å sjå mangfaldet i trea i sitt rette element før det blir gjort om til bruksgjenstandar, seier Moe.

Utstillinga står til våren 2020.