Alle avisene i fylket aukar

I dag kom nye opplagstal for aviser og tidsskrift. Tala viser at alle avisene i Sogn og Fjordane har auka opplaget sitt det siste halvåret.

Størst auke har Fjordabladet med 118, noko som tilsvarer 4,5 prosent. Firda Tidend har ein auke på 19, eller 0,7 prosent. Firda aukar med 101, som gjev 0,9 prosent vekst.

Landslaget for lokalaviser (LLA) er organisasjonen for godt over 100 av lokalavisene i Noreg. Opplagstala for 2. halvår 2018 viser at fådagarsavisene i LLA no har eit netto opplag på drygt 339.000, ein liten auke frå førre teljing. Nesten 70 prosent av opplaget er komplett-abonnement, der lesarane får journalistikken og lokale annonsar både på nett og papir.

– Vi gleder oss over at mange lokalaviser framleis aukar opplaget. Det tyder på at lokalavisene tilbyr godt og relevant innhald både på nett og papir. Framleis skal vi arbeide med å bli endå betre digitalt, seier LLA sin generalsekretær Rune Hetland i ei pressemelding.

Sandnesposten er LLA sin opplagsvinner. Avisa aukar med 518 og har no eit netto opplag på 6438. Lokalavisa i Sandnes publiserer innhaldet på papir tysdagar og torsdagar og på nett heile veka. Ansvarleg redaktør Frode M. Gjerald og dagleg leiar/marknadssjef Jørn Holmen forklarer veksten slik:

– Aktivt opplagsarbeid over tid og at vi har ein stab som står på for å lage ei stadig betre lokalavis, både på papir og nett. Hard jobbing går aldri av moten.

– Samtidig har Sandnesposten vore ei lita avis i ein stor by i mange år. Vi har eit enormt potensial. Ein stadig sterkare bypatriotisme kan også ha slått positivt ut for oss. Sandnes sine innbyggjarar vil ha ei avis som bryr seg om byen og er opptatt av det som skjer i lokalsamfunnet, seier Frode M. Gjerald og Jørn Holmen.

Opplagstal for avisene i Sogn og Fjordane:



































































19/118/2   +/- +/- prosent
Firda1147611375 1010,9
Firda Tidend28942875 190,7
Firdaposten49984882 1162,4
Fjordabladet27592641 1184,5
Fjordenes Tidende47474643 1042,2
Fjordingen38123763 491,3
Sogn Avis82538197 560,7
Ytre Sogn Avis13791370 90,7