Eivind Kandal og Torstein Kollevåg var gjester i Sommeråpent fredag kveld.

Alle auge retta mot Gloppen

Vi har lagt bak oss ei heilt spesiell veke, for det er slett ikkje dagleg kost å ha besøk av både NRK Sommeråpent og Reiseradioen i kommunen vår. Då Rune Kjørvik for ei tid sidan fekk spørsmål om NRK kunne få leggje radio- og fjernsynssendingane sine til Gloppen Camping og Fritidssenter, sa han uredd og optimistisk ja til dette med ein gong. Det er vi glade for.

Frå tysdag til laurdag sist veke var fokuset både i Reiseradioen og Sommeråpent sine sendingar retta mot Gloppen. I radioen fekk vi høyre Leidulf Gloppestad stolt fortelje om kommunen han er ordførar for. På spørsmål om kva som er det beste med Gloppen, trekte han fram alle dei som bur her.

I starten av veka fekk vi høyre intervju med danseglade medlemmer av Gloppen Tango. Odd-Bjørn Hjelmeset var ein god ambassadør for heimkommunen då han i beste sendetid fortalde om den aktive oppveksten sin. Smilande og gjestfri tok Daiva Vereide fotografen frå Sommeråpent med på ei runde og fortalde om bygda ho er så glad i. I tillegg fekk vi sjå kjøkkensjef Bodil Fjellestad Eikrem trylle matrestar om til ein flott matpakke.

Utover i veka fekk vi også møte representantar for Gardsbrenneriet, Midtre Nordfjord Fjordhestlag, Sølvande Gard og Trivselsskogen. Vi fekk høyre Olin Almenning fortelje om jakt og fiske, songarar i Breimskoret framføre Nordfjordsongen, samt Bård Vereide fortelje om blomsterpryden ved Heradsplassen. Vi fekk møte ivrige sleggjekastrar trene på Loggane, fiskeglade gutar frå Kandal, ekteparet Libseth og Per Momrak lage mat på bål og initiativtakar Olav Aabrekk fortelje om dei populære trehyttene på Engeset.

Under Sommeråpent torsdag kveld fekk vi oppleve forfattar Kjersti Wøien Håland frå Høyanger fortelje begeistra om tida som hybelbuar på Firda vidaregåande skule, noko som gav ho inspirasjon til å skrive manuset til NRK-serien «Lovleg». Med på intervjuet hadde ho hovudrolleinnehavar Kristine Ryssdalsnes Horvli, kåra til Årets gloppar 2018. Same kveld sto Sofia Hyttedalen på scena på campingplassen og framførte sin eigen song, «Fake it», ein låt som er kjend frå nettopp «Lovleg».

Heile veka har vi fått sjå fantastiske oversiktsbilete og naturbilete frå Gloppen. Ikkje minst gleda det oss å høyre Gloppen Janitsjar framføre «Syngjande strenger» av Øyvind Lyslo til flotte bilete frå kommunen vår. Alle innslag har gjort oss stolte. Stolte over alle kreative og dyktige menneske som bur i denne kommunen. Ja, det beste med kommunen er absolutt dei menneska som bur her. I tillegg vil vi leggje til den flotte naturen vi finn her.

– Heile veka har vore eit einaste jubelbrus, sa ein eldre kar vi snakka med mot slutten av veka. Og det har han heilt rett i.

Ordførar Leidulf Gloppestad rettar i dagens avis ei stor takk til alle som har bidrege – anten dei har stilt opp som intervjuobjekt eller i publikumsrekkjene. Det har vore avgjerande for å kunne lage gode radio- og fjernsynsprogram.

Vi vil rette ein stor takk til NRK som valde å kome nettopp til Gloppen Camping. Tusen takk til programleiarane Mikkel Niva, Christan Strand, Cecilie og Else Kåss Furuseth for den positive måten dei har leia alle sendingane og omtala kommunen på. Det har vore moro å følgje med frå sidelinja.

Stor takk til Rune Kjørvik og familien som har vore vertskap gjennom heile veka. De har gjort ein kjempejobb! Takk også til dei faste gjestene på Gloppen Camping som har bidrege til å framstille kommunen vår på ein positiv måte. Alle intervju og fjernsynsbilete har vore strålande reklame for både campingplassen og kommunen.

La oss ta vare på entusiasmen som NRK-sendingane har skapt og bruke den positive energien vi no har fått til å utvikle kommunen vår vidare.