Alkolåsen er eit tiltak som skal bidra til å hindre køyring med promille. Foto: Gorm Kallestad/NTB scanpix/NPK.

Alkolås i bussar og minibussar frå nyttår

Alle nye bussar og minibussar som skal brukast i persontransport må frå 1. januar 2019 ha alkolås. Køyretøy som allereie er registrerte må montere alkolås før 2024 elles må dei ut av drift. 


– Bussjåførar har eit spesielt ansvar for å vareta sikkerheita til passasjerane sine og omgivnadene. Derfor aukar vi tryggleiken til passasjerar og trafikantar ved å innføre eit påbod om bruk av alkolås i køyretøy som vert brukt i transport mot vederlag, i første omgang i bussar og minibussar, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.


Påbodet gjeld frå 1. januar 2019.


– Fleire busselskap og transportfirma har allereie i dag på frivillig basis montert alkolås i køyretøya sine som eit generelt trafikksikkerheitstiltak. No innfører vi dette som eit krav. La meg samtidig understreke at det er heldigvis lite promillekøyring blant norske yrkestransportørar i dag. Likevel utgjer promillekøyring ein potensiell sikkerheitsrisiko for dei reisande, og med dagens teknologi er dette enklare å sikre seg mot, seier Solvik-Olsen.


Transportselskapa vil få ei overgangsordning på fem år for å gi tid for å innrette seg. Ved ei seinare endring kan alkolåspåbodet eventuelt også utvidast til andre køyretøygrupper, som drosjar.


Alkolåsen er eit tiltak som skal bidra til å hindre køyring med promille. Låsen vert kopla til køyretøyet slik at det ikkje er mogleg å køyre dersom sjåføren er påverka av alkohol. (©NPK)