Aldri har det vorre færre rovviltskadar på sau

Talet på påviste rovviltskadar på sau hittil i sommar er lågare enn i same periode heilt sidan 2000, ifølgje Miljødirektoratet.


Det viser ein gjennomgang av kadaverdokumentasjon og tap til rovvilt registrert i Miljødirektoratets Rovbase for perioden 1. januar til og med 1. august.


Byrja i 2000

– Vi er langt unna nokon skadefri sommar, men talet på påviste tap hittil i sommar er lågare enn i same periode i alle tidlegare år, seier direktør Ellen Hambro.


Direktoratet byrja å registrere rovviltskadar i 2000.


Registrerte kadaver og skadar er melde inn til og undersøkt av Miljødirektoratets feltpersonell i Statens naturoppsyn (SNO).


Miljødirektoratet understrekar at desse tala vil endre seg heilt fram til at sauene er sanka frå utmarksbeite. I tillegg er det på langt nær alle skadar som blir oppdaga og kan undersøkjast av SNO.



Nedgang i skadar frå ulv

I 2018 og 2017 vart fleire dyr skadde eller drepne av ulv. I år er talet på ulveskadar vesentleg redusert – det lågaste påviste tapt til ulv sidan 2008.


Skadar påført av bjørn er noko lågare enn på same tid i 2018. Enkelte område nord i Trøndelag har hatt betydelege skadar av bjørn i sommar, ifølgje direktoratet.


For gaupe og jerv er talet på skadar omtrent som dei siste åra. Det er ein liten auke i skadar frå kongeørn samanlikna med tilsvarande periode i 2018.



– Inga suksesshistorie

Norges Bondelag er ikkje overraska over utviklinga.


– Det er bra at tiltak verkar. Det er vi i Bondelaget òg opptatt av. Men det er ikkje overraskande at det er færre sau som blir tatt av rovdyr, når det knapt er sau igjen i desse områda, seier Leiaren til bondelaget Lars Petter Bartnes.


Han meiner utviklinga er eit resultat av ein uthalingstaktikk.


– Dette er ikkje ei suksesshistorie. Den viktigaste årsaka til at tapa går ned, er at ei stor mengde sauebønder har vorte tvinga til å legge ned drifta i områda der det er mest rovdyr, seier bondelagsleiaren.



Gode nyheiter

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) seier at dei førebelse tala er godt nytt. I 2019 vart SNO styrkt for å kunne hjelpe fleire fellingslag samtidig.


– Budsjettet til førebyggjande og konfliktdempande tiltak er auka i år, og innsatsen som blir gjort for å redusere tapa, er viktig. Det er òg viktig at felling av rovvilt som gjer skade, skjer raskt når fellingsvedtak er fatta, seier Elvestuen.


Det har òg vore færre søknader om skadefellingsløyve i juni og juli i år. Miljødirektoratet har behandla 69 søknader. Det er innvilga 55 søknader og gitt 14 avslag. Tilsvarande tal for 2018 var 107 søknader behandla, av dei vart 96 innvilga og 11 vart avslått.


Etter 1. juni i år er det felt sju bjørnar, to gauper, to jervar og to ulvar på skadefelling, og dessutan ein ulv i nødverje. (©NPK)