Aktlaust bildrap på to kvinner skal opp for retten i Førde

Neste veke skal Sogn og Fjordane tingrett behandle påkøyrsla i Kjølsdalen der to kvinner omkom. Sjåføren, ein 54 år gammal mann, er tiltala for aktlaust drap.


63 år gamle Anne Elise Sæthre og 57 år gamle Marit Johanne Røed Sundal vart påkøyrde på ein gangveg i Kjølsdalen i Stad kommune på kvelden tredje juledag i 2018.


Mannen er òg tiltala for farleg køyring, køyring i ruspåverka tilstand og bruk av narkotika. Ifølgje påtalemakta var han påverka av amfetamin og klonazepam.


Rettssaka startar i Sogn og Fjordane tingrett i Førde 25. februar og varer til 28. februar.



– Sovna

Aktor i saka, statsadvokat Kristine Herrebrøden, skriv i tiltalen at mannen sovna bak rattet, eventuelt var umerksam over lengre tid. 54-åringen erkjenner ikkje straffeskuld.


Det var forbipasserande som varsla om ulykka. Naudetatane rykte ut, men dei to kvinnene vart erklærte døde på staden.


Den tiltala vart først avhøyrd 2. januar i fjor. Ulykka skal ha gått hardt inn på han.


– Klienten min er lauslaten formelt av politiet og bur heime hos foreldra sine i vente på avhøyr, sa forsvararen hans, advokat Oscar Ihlebæk, den gong til TV 2.



Rekkverk

Nokre dagar etter påkøyringa melde NRK at innbyggjarane på staden i fleire år hadde bede om rekkverk mellom gangvegen og bilvegen i området. Samtidig understreka Statens vegvesen at dei ikkje kunne vite om ei slik løysing ville ha endra utfallet.


Ifølgje vegvesenet vart det gjort ein tryggingsrevisjon så seint som i mars 2018. Han konkluderte med at det var behov for rekkverk ved større delar av strekninga, ikkje berre der påkøyrsla hende.


(©NPK)