Bodil Sætren Taraldset frå Hornindal kunne tenkt seg ein bilvask også.

Aksjon for trygg påsketrafikk

For tiande år på rad har NAF, i samarbeid med bensinstasjonskjeden Cirkle K, ein aksjon som set fokus på trafikktryggleik i påskeutfarten.

Fredag før Palmehelga er tradisjonelt ein storbulkedag, og blir gjerne kalla bulkefredag. Med aksjonen rundt om på bensinstasjonane landet rundt, ønskjer NAF å få folk til å stresse ned og roe pulsen.

-Ta det med ro

-Mange stressar med å komme seg til hytta, og det er då ulukker gjerne skjer, forklarar Camilla Ryste, kommunikasjonssjef i NAF.

– Vårt råd er å ta det med ro. Ferien har trass alt starta når du set deg i bilen på veg til hytta, seier ho.

Ein av fire Cirkle K stasjonar i fylket som får besøk av NAF fredag og laurdag, er Skei. Der møtte vi Magnus Hope og  Daniel Dvergsdal. Begge sit i arbeidsutvalet til NAF avdeling Fjordane og ytre Sogn.

Spylerveske og is

Dei to karane hadde hendene fulle heile tida med å prate med travle bilistar som det var rikeleg av då vi var innom på Skei fredag ettermiddag.

Og det var ikkje berre prat heller, alle som ville fekk fyllt opp tanken for spylarveske heilt gratis og det vanka også liggeunderlag og is, i tillegg til aktivitetshefte for born.

-Vi reknar med at spylarveske og god sikt har litt å seie for trafikktryggleiken, sa Daniel Dvergsdal som gjekk frå bil til bil for å fylle på. Magnus Hope tok seg av sitjeunderlag og is.



Nøgde bilistar

Bilistane tykte det var kjekt med oppvartinga dei fekk av NAF sine folk og Thomas frå Polen som var på veg heim til Bygstad frå snekkarjobb i Måløy, tykte det var kjekt å sleppe å betale 50 kr for spylarveska. Han hadde vore ti år i Noreg, men ville helst ikkje snakke norsk.

Men det gjorde Bodil Sætren Taraldset frå Hornindal. Ho var på veg heim att frå eit møte i Førde og tykte det var skikkeleg triveleg å få gratis spylarveske, men ho kunne også tenkt seg ein bilvask. Ein austlending som ikkje ville vere med på bilde, meinte at NAF er gode på bilberging, men alt for politisk korrekte.

-De protesterer ikkje på noko som helst når det gjeld bilavgifter og bompengar, var meldinga. Ei eldre dame tykte NAF-aksjonen var eit hyggeleg innslag i kvardagen.

-Ikkje alle dagar er like gode. Eg har ei tvillingsøster som har kreft og i dag har eg besøkt ho. Slike dagar er det ikkje alltid like kjekt å køyre bil, men dette var hyggeleg, smilte kvinna som ville vere anonym.

Thomas frå Polen sparde 50 kroner og det tykte han var kjekt.
Daniel Dvergsdal hadde hendene fulle med å fylle spylarveske medan Magnus Hope styrde med is og sitjeunderlag.