Heim   >   Nyhende   >   Aftan på Ålhus

Helene Myklemyr trio spelar i Borgja på Ålhus laurdag. Trioen består av John Oddvar Kandal, fele, Hege Alme, song og Helene Myklemyr, trekkspel.

Aftan på Ålhus

Komande laurdag står Borgja igjen klar til å ta imot feststemde gjester.

Det har vorte ein tradisjon at folk frå fjern og nær, andre laurdagen i februar, fyller huset til triveleg samvær. Gloppen Hardingfelelag har fått i oppgåve å syte for solid gammaldansmusikk. Dei har tidlegare ikkje delteke på denne tilskipinga.

Det har derimot Helene Myklemyr. Ho har vore deltakande kvart år på ein eller fleire måtar og har eit stort repertoar å velje frå. Hennar varierte rytmar gjev alltid god stemning i salen. Etter same opplegg som tidlegare, er det Helene Myklemyr trio m/gjester frå aust som saman med hardingfelelaget skal holde dansen i gang.