Det var 97 år gamle Alf Helgheim som tok i mot tiltaksprisen på vegne av Alf Helgheim & Co

97-åring fekk tiltakspris

At ein 97-åring møter opp på eit kommunestyremøte for å ta i mot pris er langt frå kvardagskost. Men for Alf Helgheim er det meste mogeleg



Veslejulafta i 1946 etablerte han butikken på Helgheim der han dreiv som urmakar, i tillegg til å selje ur, briller, kikkertar, gull og sølv. Alf Helgheim har stort sett aldri blitt kalla for anna enn Alfen.

Omstilling i staden for innstilling

I 1997 vart det meste av verksemda flytta til Skei. Firmaet dreiv då også daglegvarebutikk som vart verande på Helgheim ei stund til. Lenge før butikken flytta til Skei var også foto og musikk ein del av vareutvalet.

Alf Helgheim dreiv verksemda til han var 77 år og overlet den til sønene. Men i 17 år til var han aktiv i butikken og reparerte ur til for få år sidan. Framlei er han dagleg ein tur innom og han har mellom anna ansvaret for å fjerne boss, ifølgje svigerdotter Randi Holt som har arbeidd i butikken i 20 år.

-Foto er ein bransje som har møtt store strukturelle utfordringar, og mange liknande forretningar rundt om har måtta innstille drifta. Men ikkje Alf Helgheim & Co AS, dei har omstilt seg og satsa på nettbutikk, i tillegg til butikken på Skei. Dei er kjende for å yte ein service heilt utanom det vanlege og vi er stolte over å ha ei slik bedrift her i Jølster, sa ordførar Oddmund klakegg då han overrekte Jølster kommune sin tiltakspris til Alf Helgheim på vegne av Alf Helgheim AS.

Maratonpris

Årets kulturpris i Jølster gjekk til eit stort og etter kvart tradisjonsrikt arrangement, nemleg Jølster Maraton.

I 36 år har dette vore eit fast innslag langs Jølstravatnet første laurdag i juli. Det var ein av nestorane i arrangementskomiteen, Anders Hegrenes, som tok i mot prisen.

-Vi er både stolte og glade over å få denne prisen, sa Hegrenes som minte kommunestyret om at dei treng nytt tidtakarutstyr.



Ungdomsstipend til Øygard

Det var Eivind Øygard som fekk Jølster sitt ungdomsstipend for 2018. Øygard fekk utmerkinga for sine prestasjonar innan idrett gjennom mange år. Øygard starta idrettskarrieren på fotballbana før han etter litt også fekk på seg langrennski. Men det er på friidrettsbana og i terrengløp at Øygard har utmerka seg mest. Han var senast for eit par veker sidan deltakar i nordisk meisterskap i terrengløp. Han har også gode plassseringar når det gjeld baneløp på dei lengste distansane i NM.

Eivind Øygard fekk ungdomsstipendet for sine gode idrettsprestasjonar gjennom mange å
Det var Anders Hegrenes som tok mot kulturprisen på vegne av Jølster Maraton.