Heim   >   Nyhende   >   91,8 prosent av barna i Noreg har barnehageplass

Foto: Gorm Kallestad/NTB scanpix.

91,8 prosent av barna i Noreg har barnehageplass

I dag har 91,8 prosent av alle barn i alderen eitt til fem år her i landet plass i barnehage. Det er ein auke frå 91,2 prosent på same tid i fjor.

Heile 83,5 prosent av eitt- og toåringane har barnehageplass, og her er delen 1,4 prosentpoeng høgare enn i 2017, viser 2018-tala for barnehagedekning frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Blant barna mellom tre og fem år er delen som har barnehageplass, 97,1 prosent. Det er ein auke på 0,2 prosentpoeng frå året før.

Barnehagane her i landet har 96.100 tilsette, og 47 prosent av barnehagane var offentlege i fjor. (©NPK)