Heim   >   Nyhende   >   90 prosent færre blåbær enn for to år sidan

I år er det 90 prosent færre blåbær i Norge enn i toppåret 2017. Foto: Gorm Kallestad/NTB scanpix/NPK.

90 prosent færre blåbær enn for to år sidan

Det er 90 prosent færre blåbær i år enn i toppåret 2017, ifølgje forsking frå Høgskulen på Vestlandet.

I år har det vore ein sjeldan dårleg blåbærsesong, seier økolog Stein Joar Heggland ved Høgskulen på Vestlandet til NRK.

Han har forska på blåbær i fleire år.

I toppåra har forskarane sett i gjennomsnitt 150 bær per kvadratmeter i område dei har undersøkt. I år er det under 30, og nokre stader ned mot 20 bær.

– Det var ikkje eit toppår i fjor heller, men i år gjekk det veldig langt ned. Det såg bra ut med tidleg blomstring, men så kom nattefrosten, seier Heggland.

Dette førte til frostskadar på blomstrane, og fleire er brune og visna.

Klimaendringane får mykje av skulda. Dei skaper utfordringar for blåbæra fordi det blir kortare vintrar og mindre snø, ifølgje Heggland.

– Snøen er viktig for å verne plantane, og dersom våren startar tidlegare, er dette med frostskade på blomster eit aukande problem, seier han.

Blåbæra vil ikkje forsvinne heilt, men det kan bli færre i framtida. Det kan få konsekvensar for både dyr og insekt.

Planten er viktige for insekt som pollinerer og som mat for hjorten og sommarfugllarvar, og bæra er viktige for fuglar og andre organismar.

– Viss dei ikkje får nok mat, kan det bety reduksjon i populasjonane. Ein får det som kallast kaskadeeffekt – noko skjer med plantane, så påverkar det dyr og insekt. (©NPK)