Kanonane Josva, Moses og Aron på Oscarsborg festning. Foto: Terje Pedersen/NTB scanpix/NPK.

80 år sidan invasjonen av Noreg, blir gått forbi i stille

Skjærtorsdag er det 80 år sidan Noreg vart invadert av Tyskland, men det blir ingen offentlege markeringar av dagen.


Ved 75-årsmarkeringa for invasjonen i 2015 var dåverande forsvarsminister Ine Eriksen Søreide (H) og forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen på Oscarsborg festning i Oslofjorden, der det tyske krigsskipet Blücher vart senka 9. april 1940. Slik blir det ikkje i år.


– I utgangspunktet var det ikkje planlagt noka markering på dagen, sidan den fell på skjærtorsdag. Men vi veit ikkje om det blir noko seinare heller. Det avheng av om styresmaktene tillèt det, seier marknadssjef Gry Larsson ved festninga.


Oscarsborg, som ligg ved Drøbak, er kanskje den mest omtalte staden i forteljinga om invasjonen av Noreg. Natt til 9. april fekk dei Blücher i sikte. Oberst Birger Eriksen valde å opne eld, senka skipet og sørgde med det for ei forseinking i dei tyske invasjonsplanane som antakeleg var nok til at kongen og regjeringa kom seg i tryggleik.



Inga markering av den første sigeren til dei allierte

Senkinga av Blücher var viktig i byrjinga av invasjonen, men utover våren 1940 vart kampen om Narvik eit endå viktigare symbol internasjonalt. Dei hardaste kampane på norsk jord vart utkjempa her, og ein av dei første sigrane til dei allierte i heile krigen kom 28. mai, då norske og franske styrkar lykkast i å ta tilbake byen frå tyskarane.


Men markeringa av gjenerobringa er avlyst.


– Vi står i ein alvorleg situasjon, og det er viktig at vi alle tek del i dugnaden for å forhindre spreiinga av koronaviruset. Vi ser oss derfor dessverre nøydde til å kansellere markeringa 28. mai i den planlagde forma si, sa forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) i ei pressemelding.


Også her opnar ein for ei mindre markering seinare. Men berre dersom situasjonen tillèt det.



Stille på Akershus festning

Forsvarsdepartementet opplyser at dei ikkje hadde planlagt noka markeringar av invasjonsdagen 9. april. Forsvarsmuseet, som ligg på Akershus festning i Oslo, held seg til den digitale arenaen.


– I år blir det berre kronikkar og innslag om 9. april på sosiale medium (filmsnutt og foto) for oss, skriv Ingrid Maria Lutnæs ved Forsvarsmuseet til NTB.


Noreg var okkupert i fem år. På frigjeringsdagen 8. mai er det 75 år sidan tyske styrkar i Noreg og resten av Europa kapitulerte. Vanlegvis er ei rekke gjester, mellom anna politikarar og veteranar, invitert til markeringa på Akershus festning i Oslo.


I år vil markeringa berre bestå av at det blir lagt ned blomsterkransar, flagget blir heisa, og det blir fyrt av ein salutt.


(©NPK)