Fleire barn startar i desse dagar på SFO etter sommarferien, men tilbodet som møter barna, er svært varierande. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK

74 prosent meiner SFO bør bli gratis

Skulefritidsordninga (SFO) bør bli gratis, meiner over 70 prosent av respondentane i ei ny undersøking, ifølgje Dagsavisen.


I spørjeundersøkinga, som er utført av Sentio Research Noreg, er 1.000 personar spurde om meininga si om skulefritidsordninga. 74 prosent av respondentane meiner at SFO bør bli gratis.


Leiaren i Fagforbundet, Mette Nord, er svært glad for det ho kallar «overraskande sterk støtte» til gratis SFO.


– Folk opplever at skulefritidsordninga er ein del av skulen, og dei vil at fellesskulen skal vere gratis. Vi vil ha klasseskilja ut av skulen, og derfor må skulefritidsordninga bli gratis, seier ho til Dagsavisen.


I dag varierer tilbodet og prisen for skulefritidsordning frå kommune til kommune. Det er store forskjellar – frå gratis SFO, til opp mot 4.000 kroner i månaden. Det finst ingen maksimalpris for SFO, inga nasjonal rabattordning eller nasjonale krav til korleis tilbodet skal organiserast.


Oslo er ein av kommunane som har jobba for å gjere SFO gratis. I dag er det gratis aktivitetsskule i Oslo, som svarer til SFO, frå 1. til 4. klasse i åtte av 15 Oslo-bydelar.


(©NPK)