I 2018 blei det påvist 58 nye jervekull i Noreg, noko som er godt over det nasjonale bestandsmålet på 39 ynglingar i året. Foto: Berit Roald / NTB scanpix / NPK

58 jervar tekne under lisensjakta



Det vart teke 18 fleire jervar under lisensjakta i årets sesong enn i fjor. Jakta er no avslutta, men det kan bli opna for å felle fleire dyr.


Til saman vart det felt 58 jervar av ein kvote på 107, fortel Miljødirektoratet. Det vart teke jerv i fem av dei åtte rovviltregionane.


– Det er felt spesielt mange dyr utanfor jervesonen i Hedmark, og i nordlege delar av Trøndelag, seier direktør Ellen Hambro i Miljødirektoratet.


Sjølv om lisensjakta er over, kan direktoratet opne for skadefelling av dyr. Det vil i så fall bli gjort av jegerar frå Statens naturoppsyn (SNO).


Det kan mellom anna bli opna for å grave fram jervehi og avlive heile kvalpekull.


– Slike tiltak blir sette i verk for å forhindre skadar på husdyr og tamrein. Vurderinga av kvar det eventuelt er nødvendig med slike uttak blir fortløpande tekne utover våren, mellom anna basert på skadehistorikk og råd frå rovviltnemndene. Skiljet til nemndene mellom forvaltingsområde for jerv og beiteprioriterte område blir lagt til grunn, seier Hambro.


Metoden er omstridd. Naturvernforbundet har stempla hiuttak som «barbarisk».


I 2018 vart det påvist 58 nye jervekull i Noreg, noko som er godt over det nasjonale bestandsmålet på 39 ynglingar i året.