Det er ikkje alle stadar det er lønnsamt å bygge ut breiband. Foto: Erlend Aas/NTB Scanpix/NPK.

50 millionar budsjettkroner skal sikre at ingen mistar nettilgang

Regjeringa set av 50 millionar budsjettkroner for å halde oppe breibandtilgangen i Noreg medan Telenor fasar ut koparnettet.


– Det har vore ei fantastisk utvikling i breibandtilbodet dei siste fem åra, der ein million fleire har fått høgfartsnett. I tillegg har vi det raskaste mobilnettet i verda, og nesten 100 prosent av befolkninga har tilgang til 4G, seier digitaliseringsminister Nikolai Astrup (H) til NTB.


– Men viss vi skal lykkast med å hauste gevinstane av den digitale revolusjonen, må alle på nett. Då må vi òg satse der det ikkje er kommersielt lønnsamt å byggje ut, held han fram.


Til saman foreslår regjeringa eit breibandtilskot på om lag 250 millionar kroner i 2019, 100 millionar kroner meir enn i fjor.


Dei 50 ekstra millionane skal gå til breibandutbygging der det i dag ikkje er lønnsamt å byggje ut og til å kople opp husstandar og verksemder som vil bli ramma av Telenors avvikling av koparnettet.



Held fram feilretting

Telenor sende tidlegare i år varsel til over 100.000 husstandar om at dei frå 1. mai vil slutte med vedlikehald og feilretting av koparnettet. Årsaka er at koparnettet skal erstattast med fiber og mobil.


Dei fleste vil i denne perioden kunne nytte seg av 4G-nettet som erstatning viss koparnettet ryk, men for rundt 1.000 husstandar var heller ikkje dette noko alternativ. Dei risikerte dermed å stå heilt utan nettilgang.


Astrup forsikrar no at dette scenarioet ikkje vil bli realitet. Årsaka er at Telenor har snudd.


– Dei har no presisert at dei vil halde fram feilretting i koparnettet i dei områda av landet der det ikkje finst tilfredsstillande alternativ, og det er eg glad for, seier digitaliseringsministeren.



5.000 fleire

Basert på erfaringar frå i fjor anslår departementet at summen av dei gamle og dei friske midlane kan bidra til at opptil 5.000 fleire får breibandtilgang.


Det er likevel avhengig av at det blir same kronerulling som i fjor, der kommunar, bedrifter og lokalmiljø bidrog til at investeringane vart fem gonger høgare enn det regjeringa la i potten.


Ifølgje Nasjonal kommunikasjonsmyndigheits (Nkom) dekningsrapport for 2018 har 82 prosent av befolkninga moglegheit til å få nett med fart på opptil 100 megabit per sekund (Mbit/s).


99,99 prosent har tilbod om minst 10 Mbit/s, og 99,9 prosent har 4G-dekning der dei bur.



Ønskjer ikkje svensk modell

Telenor har leveringsplikt på telefoni, men det er per dags dato ingen som har leveringsplikt på breiband i Noreg. Her er modellen lagt opp slik at kommersielle aktørar på eige initiativ bygger ut der det er lønnsamt og får ekstratilskot for å byggje ut òg der dei elles ikkje ville tent pengar.


Astrup vil ikkje seie seg heilt fornøgd før alle i heile landet har god nettilgang, men meiner dekningsgraden viser at modellen førebels fungerer.


– I Sverige er til dømes dei offentlege subsidiane vesentleg høgare, utan at det har ført til noko betre tilbod, seier han.


– Blir dei offentlege insentiva for store, vil selskapa vente på subsidiane før dei bygger ut, medan i Noreg er vi veldig klare på at det berre er i område som ikkje er kommersielt lønnsame, vi skal ha tilskot, seier digitaliseringsministeren. (©NPK)