Foto: Berit Roald/NTB scanpix/NPK.

4.100 tilsette i posten vil bli råka av endringar

Regjeringa vil kutte talet på postomberingsdagar. Det vil få konsekvensar for kvar fjerde person som jobbar i Posten.


Om to veker skal regjeringa sitt framlegg til ny postlov opp på Stortinget. Planane er å redusere talet på dagar med levering av brev. Dette kan få konsekvensar for om lag 4.100 post-tilsette, melder E24.


Endringane i Posten vil føre til at 1.500 årsverk forsvinn og 2.600 andre tilsette vil få endra oppgåver. Endringane vil vere dei største i historia til Posten, seier selskapet til E24. Posten sjølv meiner det er naudsynt med endringar i posttilbodet, grunna store endringar i marknaden dei siste åra.


Arbeidarpartiet har i det siste vorte kritisk til endringane i posten, og vil jobbe mot framlegget på stortinget.


– Eg er ikkje uroleg for situasjonen til Posten, men er uroleg for utfordringane som abonnementsavisene vil få om endringane skjer for raskt. Media har ein viktig funksjon for demokratiet og den offentlege dialogen, seier stortingsrepresentant Øystein Langholm Hansen til Klassekampen.


Solveig Abrahamsen, medlem av transport- og kommunikasjonskomiteen for Høgre, svarer at skattebetalarane ikkje burde måtte betale for halvtomme postbilar, og at det i lang tid har vore naudsynt med færre postomberingsdagar. (©NPK)