34-åring frå Gloppen fører tusen år lang tradisjon vidare

Eit prosjekt om bygging og bruk av nordfjordbåt får 800 000 kroner i støtte. Midlane bidreg til at Andreas Mardal (34) no kan gå i lære hjå den røynde båtbyggjaren Kristen Arnestad (79).

– Dette er heilt fantastisk og noko som verkeleg trengst. Nordfjordbåt-tradisjonen heng i ein tynn tråd, men han er framleis der og no kan vi gjere tråden tjukkare. Å få støtte til prosjekt er også ei anerkjenning av arbeidet båtbyggjarane i Gloppen har drive med i mange år, seier avdelingsleiar ved Nordfjord Folkemuseum, Anne Kristin Moe.

– Midt i blinken 

Med midlane som no er på plass, skal den unge båtbyggjaren Andreas Mardal gå i lære hjå røynde Kristen Arnestad. Saman skal dei byggje båtar, som når dei er ferdige skal brukast av lokalsamfunnet, i regi av Nordfjordbåtlaget.

– Eg voks opp med nordfjordbåt på stølen, og der er han framleis i bruk. Eg fatta også tidleg interesse for båtbyggjarhandverket og bruken av båten. Når eg har ein turnusjobb, kan eg tillate meg å ha eit attåtnæring. Då er dette midt i blinken, seier Mardal.

Kristen Arnestad er på si side glad for at han kan bidra til at tradisjonen han har halde i hevd blir forlenga.

– Det er veldig viktig at dette skjer, og eg er utruleg glad for at nordfjordbåten og tradisjonsbygginga kan få eit lenger liv, seier han.



Livsviktig støtte

Allereie for åtte år sidan var Mardal med Arnestad å bygge ein nordfjordbåt, men denne gongen vert det meir fokus på heile arbeidsprosessen.

Dei to går i gang med bygging av første båten i oktober. Det er Nordfjord Folkemuseum som har stått i spissen for søknaden. Nordfjordbåtlaget er samarbeidspart og skal organisere bruken av båtane når den tid kjem. Prosjektet har fått full støtte frå Gloppen Sogelag og alle kommunane i Nordfjord.

– Dette skal kome alle kommunane i Nordfjord og andre til gode, og vi tilbyr formidlingsopplegg om bygging og bruk av nordfjordbåt med besøk i båtbyggjarverkstaden. Dei som er interesserte kan allereie no ta kontakt med museet for avtalar. 27. oktober blir det også open dag på verkstaden til Arnestad, fortel Moe.

– Einaste måten

Prosjektet i Nordfjord er eit av fleire som får pengar frå Sparebankstiftinga til DNB gjennom Forbundet Kysten. Kulturvernorganisasjonen fekk tidlegare i år nær åtte millionar kroner som igjen kunne fordelast på prosjekt innan bygging og bruk av tradisjonsbåt.

Det vart stilt ei rekkje krav til prosjekta, mellom anna at det dreia seg om klinkbygde tradisjonsbåtar med lokal eller regional tilhøyrsle. Ein fryktar at tradisjonane med klinkbygging av båtar skal gå tapt, og forbundet Kysten har også søkt om at denne båtbyggjartradisjonen får plass på UNESCO si liste over immateriell kulturarv.

– Dersom vi ikkje hadde fått dette til, kunne vi ha risikert at ein tusen år gamal tradisjon hadde vorte broten. Bygging av nordfjordbåt går nemleg så langt tilbake i tid, men i dag er det berre nokre få personar som framleis held på. Å sikre at nokon unge fekk høve til å lære seg handverket, er einaste måten å halde tradisjonen i hevd, seier Moe.

 

Anne Kristin Moe frå Nordfjord Folkemuseum, båtbyggjar Kristen Arnestad og læresvein Andreas Mardal i verkstaden til Arnestad. Foto: Nordfjord Folkemuseum.