Heim   >   Nyhende   >   323 høyringssvar om pelsdyravvikling

Foto: Alf Ove Hansen/NTB scanpix/NPK.

323 høyringssvar om pelsdyravvikling

Totalt kom det inn 323 høyringssvar om pelsdyravvikling før fristen. Blant reaksjonane er bekymring for kva norsk slakteavfall skal brukast til i framtida.

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) seier til Nationen at talet på innspel speglar breidda i pelsdyrnæringa.

– Ein har bønder som leverer til pelsdyrnæringa, ein har produsentar som lagar fôret og ein har veterinærtenesta rundt. Det seier noko om ei stor næring, seier ho.

Venstre er det einaste regjeringspartiet som ville kvitte seg med pelsdyrnæringa, og det fekk dei gjennomslag for både på Jeløya i 2018 og på Granavolden i år.

Norges Bondelag, NHO og Pelsdyralslaget er blant dei som meiner ei avvikling ikkje er godt nok grunngitt. Nortura har stilt spørsmål ved kva som skal gjerast med slakteavfallet som per no blir brukt som fôr i næringa, og som ikkje lenger vil ha noko bruksområde.

Bollestad seier ho skal gå gjennom høyringssvara «med stor audmjukskap». (©NPK)