Home   >   Fylket   >   2,5 millionar til fjordhesten

Hingsten Heggnes Balder vart spiss under hingsteutstillinga i vår, og sto i vårstasjon på Nordfjordeid. Eigarar er Indre Nordmør Fjordhestlag og oppdrettar Kjell Taklo. Foto: Norsk Fjordhestsenter.

2,5 millionar til fjordhesten

– Svært gledeleg at regjeringa sikrar bevaringsarbeidet for fjordhest og nordlandshest/lyngshest, seier dagleg leiar ved Norsk Fjordhestsenter, Magni Hjertenes Flyum, i ei pressemelding. For første gong på mange år vart det ikkje kutt i framlegg til statsbudsjett.

I 2015 vart det gjort eit løft  for dei regionale hestesentra, men åra etter har dette vore kutta i framlegg til statsbudsjett.

– Vi har i fleire år måtta arbeidd for å få desse pengane på plass i stortingshandsaminga, og er svært glade for at regjeringa har tatt dette med i framlegg til statsbudsjett, seier leiarane for Norsk Fjordhestsenter og Nasjonalt senter for nordlandshest/lyngshest. Dei ser resultat av det langsiktige bevaringsarbeidet, og gler ser over optimisme i hestemiljøet.

Sentra si rolle er gjennom rådgjeving, kompetanseheving til oppdrettarar og brukarar å styrke raselaga og gjere det lettare å velje dei norske hestane. I tillegg brukar dei nasjonale rasar i sine aktivitetar. I utkast til statsbudsjett for 2019 er det føreslått 4 947 000 kroner fordelt på dei to sentra.

Positiv utvikling

Dei nasjonale hesterasane dølahest, fjordhest og nordlandshest/lyngshest er framleis trua, men trenden er svært positiv. Bedekningstala for 2018 vert klare i løpet av kort tid, men allereie no ser ein ei positiv utvikling og den negative trenden ein hadde for nokre år sidan er snudd.

–  Vi ser at det er marknad for dei nasjonale rasane, men kjøparane vil ha ferdig utdanna hestar, seier dagleg leiar ved Nasjonalt senter for nordlandshest/lyngshest, Linda Nordgård Holmebukt.

Norsk Fjordhestsenter har hatt eit forprosjekt på kvalitetssikra utdanning av unghest, og dette vert vidareført ved begge sentera.

Sender sæd over heile landet

Ved Norsk Fjordhestsenter er det også semin- og avlsstasjon.

– I tillegg til dei hoppene som kjem hit, sender vi sæd over heile landet slik at hoppeeigarane som ikkje har tilgang på hingst kan få bedekt hoppene sine, seier Hjertenes Flyum.

I 2018 var det 37 bedekningar ved stasjonen.